Vil ikkje opne for at fastlegar kan reservere seg

I kommunestyret måndag vil Venstre fremje ei fråsegn som går på at Gloppen kommune ikkje vil opne for at fastlegar skal få høve til å reservere seg mot å tilvise pasientar til abort. Les Firda Tidend sin reportasje her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Oppslag i Firda Tidend

Foto: Firda Tidend

Saka om reservasjonsretten som KrF har forhandla med regjeringa, har som kjent vorte ei varm potet, også internt i dei to regjeringspartia. Her blir det slått fast at fastlegar skal få høve til å reservere seg mot å tilvise pasientar til abort. I eit høyringsnotat frå regjeringa blir det opna for at den enkelte kommune sjølv kan gjere avtalar for legar sm ønskjer å reservere seg.

– Dei kan inngå avtalar, men har ingen plikt til å gjere det, seier Peder Hauge.

– Abortlova av 1975 gir reservasjonsrett for sjukehuspersonell til å utføre eller delta i abortinngrep. Eit liberalt samfunn verdset samvitsfridom, men i Venstre har vi likevel vanskar med å sjå kva den prinsipielle skilnaden er mellom det å tilvise til abort og det å tilvise til ein annan lege som kan tilvise til abort. Regjeringa vedgår også at ei slik ordning vil føre til meirkostnadar for kommunane. Lenger saksgang ved tilvising vil i seg sjølv vere ei meirbelastin for pasientane det gjeld, seier Hauge.

Ingen som vil reservere seg no

Ragnar Eimhjellen og Peder Lofnes Hauge

Foto: Venstre

– Kommunen g den enkelte fastlege er forplikta til å syte for at ingen skal få eit dårlegare tilbod. Venstre meiner difor det er gode grunnar til at Gloppen kommune seier nei til å opne for ein slik reservasjonsrett.

– Det er ingen fastlegar i Gloppen kommune som i dag ynskjer ein slik rett. Det meiner vi er bra. Likevel har vi ingen garanti for at det vil vere slik i framtida. Fleire kommunar har allereie sagt nei til å opne for reservasjonshøvet, og vi meiner Gloppen bør gjere det same, seier Peder Hauge. Fråsegna gjer greie for kommunen sitt syn overfor styresmaktene, og vil ligge til grunn for tilsetjingar i framtida.

– Venstre sentralt reserverte seg mot å vere med på ein slik særavtale i haust, og lokalt ynskjer vi at kommunestyret stiler seg bak fråsegna som slår fast at Gloppen kommune ikkje ynskjer å opne for at fastlegar i Gloppen skal kunne reservere seg mot å tilvise pasientar til abort, seier Peder Hauge tilslutt.

Saka var på trykk i Firda Tidend, fredag 21.03.2014

Kommunestyret i Gloppen skal behandle fråsegna måndag 24.03.2014

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**