Brei semje om næringssjef

… men heit debatt om det skal stillast krav til at personen som blir tilsett skal bu i Gloppen.

Les saka frå Firda Tidend i sin heilskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


-Eg er rysta. Det er klart ein kan brenne for Gloppen kommune sjølv om ein ikkje bur her, sa Peder Lofnes Hauge (V) og uttrykte sterk misnøye med dei kommunestyremedlemene som meiner ein næringsjef bør ha adresse i Gloppen.

Rådmann Jan Kåre Fure ønskjer å opprette ei næringsjefstilling i Gloppen kommune. Han meiner stillinga er av ein slik art at det må stillast krav til at vedkomande om å bu i kommunen. Det første var politikarane heilt samde i, det andre førte til heit debatt i kommunestyresalen.

– Utelukkar meir enn vi fangar
– Venstre er positive til å opprette ei stilling som næringsjef, men eg skjøner ikkje etter beste evne at stillinga er så spesiell at det skal krevjast at vedkomande skal bu i Gloppen. Å setje slike vilkår er eit uheldig signal å sende når vi ønskjer tilflytting. Det kan ikkje vere problem å bu på Skei eller Nordfjordeid. Eg trur det kan vere positivt at vi får inn nokon utanfrå som kan sjå på kommunen med eit anna blikk. Vi kan ikkje gje uttrykk for at vi ønskjer ein av våre eigne, det viser at vi er oss sjølve nok, sa Peder Lofnes Hauge og vart støtta fullt ut av trekløveret Per Jarle Myklebust, Leidulf Gloppestad og Bernt Reed (alle Senterpartiet).
– Vi utelukkar meir enn vi fangar om vi krev at næringssjefen skal bu i Gloppen. Det blir for snevert, sa Reed og la til at han eigentleg var skeptisk til at ein næringssjef skal vere tilsett i kommunen. – Han kan fort bli fanga av det av byråkratiet. Eg håpar inderleg eg tek feil og at vi får plass rett person.

-Skal bu i kommunen
Gunnvor Sunde og Samfunnsdemokratane delte ikkje Venstre og Senterpartiet sitt syn. -Å tilsetje ein næringssjef har vi ivra for leng. Vi meiner det er sjølvsagt at ein person som skal fronte, få aktivitet i og støtte næringslivet i Gloppen kommune skal bu i kommunen, sa Sunde, noko som fekk Peder Hauge til å innta talarstolen på nytt.

– Eg kan ikkje skjøne at vi ikkje kan ha tiltru til at han eller ho som blir tilsett vil gjere ein jobben sinfor kommunen. Ein treng ikkje heimstadband for å gjere det, understreka han.
Jeff Thomas (Sp) støtta partikollegane sine. – Dette er ei såpass viktig stilling at vi ikkje kan snevre inn søkjargruppa og risikere at vi ikkje får den kunnskapet vi treng. Det er viktig å få inn den rette personen, eg kan tenkje meg at vi brukar ekstern kunnskap i prosessen, sa han.

-Stor fordel
På oppmoding frå politikarane tok rådmann Jan Kåre Fure ordet for å argumentere for synet sitt i saka.
– Eg ønskjer å gjere dei rette tinga framfor å gjere ting rett. De mistolkar meg når de seier vi skal tilsetje ein av våre eigne. Det er ikkje det vi snakkar om, vi snakkar om ein person som skal arbeide for våre interesser. Viss ikkje vedkomande gjer ein så god jobb at han vil flytte til Gloppen sjølv, er ikkje det det beste utgangspunktet. Eg meiner den som skal brenne for Gloppen, må høyre til her. Eg er ikkje på jakt etter ein person som vil ha på CV-en at han har arbeidd som næringssjef i Gloppen kommune.
Eg er ute etter ein somvil arbeide for interessene våre – ikkje berre frå åtte til fire, men vedkomande skal møte folk også på kveldstid og føle på kroppen korleis det er å vere gloppar. Eg trur det vil vere ein stor fordel at denne personen som skal arbeide for at andre skal busetje seg her, bur her sjølv, sa Fure.

-Ikkje ein eigen andedam
Gunnor Sunde uttrykte forundring over heile diskusjonen.
– Ein som skal snakke fram Gloppen og ha hjarte for Gloppen må sjølvsagt bu i Gloppen og vere gloppar, understreka ho.

Per Jarle Myklebust fann grunn til å ta ordet nok ein gong:
– Gloppen kommune er ikkje ein eigen andedam, vi er ein del av ein bu- og arbeidsregion, der bedrifter i fleire kommunar spelar på lag med kvarandre. Ein næringssjef må ha dette kontaktnettet, vi kan ikkje eksludere alle andre enn dei som bur i kommunen. Vedkomande skal ha eit brennande engasjement, men vi kan ikkje utelukke noko i utlysingsteksten. Eg har vore kommunepolitikar i snart 20 år, men har aldri sett ein annonse med dette kriteriet, og det har gått steikjande godt med kommunen, understreka han.

Ein samrøystes kommunestyre gjekk inn for rådmannen si tilråding om å tilsetje ein næringssjef. Peder Lofnes Hauge sitt framlegg om at det ikkje skal vere noko krav i utlysingsteksten om at vedkomande som blir tilsett skal bu eller busette seg i Gloppen kommune, vart vedteke med 19 mot åtte røyster.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**