Sommarfest for Venstremedlemmar og -sympatisørar i kommunane i Indre Sunnfjord

24.06.2010 Det er sendt ut invitasjon til Sommarfest for Venstremedlemmar og -sympatisørar i kommunane i Indre Sunnfjord. Venstre-venner frå Jølster, Førde, Naustdal og Gaular samlast på Hammarsbakken på Sørsida av Jølstravatnet, i eldhuset på garden til Ole Magnus Kapstad, onsdag 30.06.10 kl 18.00.


For dei som er usikker på vegen, vil vi ha oppsamlingsheat frå Elvatun på Vassenden (rett før brua på Vassenden).

På programmet står "etablering" av Indre Sunnfjord Venstre; vi satsar på at saman er vi sterke, og at vi kan lære av kvarandre og hjelpe kvarandre framfor og gjennom kommunevalet 2011. I tillegg kjem fylkesleiar og Venstre sin gruppeleiar på fylkestinget Marit B. Krogsæter. Ho vil snakke om det politiske livet på fylkestinget, og så har vi utfordra henne til å snakke om sykkelvegar og korleis vi skal jobbe for å få fleire km med slike, og få dei til å henge ihop.

Det vert servering av rømmegraut og spekemat, og for å hindre å overbelaste ei slunken lokallagskasse, vil Sommarfesten koste kr 50,- pr pers, inkl både politikk og mat.

Vi vonar at mange ønskjer å ta med litt varme klede og vere med på politisk moro denne sommarkvelden!

For å kunne porsjonere rett, ber vi om at de melder dykk på ved å svare på e-post til Vigdis Tonning seinast 27.06.10.



Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
10.02.2012 • Sogn og Fjordane
Program for fylkesårsmøtet
13.12.2011 • Sogn og Fjordane
Alfred Bjørlo med innlegg i Fylkestinget
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092