Meir openheit i Luster kommune

30.01.2012 Luster Venstre har på årsmøtet vedteke følgjande fråsegn og sendt det til kommunen ved ordføraren:


Meir openheit i Luster kommune


Luster Venstre har på årsmøtet vedteke følgjande fråsegn og sendt det til kommunen ved ordføraren:

Det vert vist til undersøkinga Åpenhetsindeksen 2011, utført av Norsk Presseforbunds Offentlighetsutvalg og referert på Norsk Journalistlag sine heimesider.

Undersøkinga viser at Luster kommune får følgjande score:
1. Postjournal på Internett 2 av 2 poeng
2. Søkefunksjon i nettjournalen 0 av 1 poeng
3. Informasjon om offentleglova 2 av 3 poeng
4. Klikkbare møtedokument 1 av 1 poeng
5. Kontaktopplysningar til politikarar 2 av 2 poeng
6. Ytringsfridom 0 av 1 poeng
7. Reglementsfestet teieplikt bak lukka dører 0 av 1 poeng
8. Hovudregel om opne dører i kontrollutval 0 av 1 poeng
9. Klikkbare dokument som ikkje er unnateke frå innsyn 0 av 1 poeng
10. Tal dagar brukt for å handsame krav om innsyn 5 av 5 poeng

Til saman får kommunen 12 av 18 mogelege poeng. Dette viser at kommunen er gode på nokre område, men at det er potensiale for forbetring. Mange av desse forbetringane kan gjerast med små grep og utan store kostnadar.

For Venstres del er openheit eit viktig demokratisk poeng. Kommunen er til for borgarane, og borgarane skal ha høve til å kontrollere styret. Det er også eit sjølvstendig poeng at kommunens system skal vera enkle og tilgjengelege for borgaren, og at nettsidene skal yte borgaren enkel og god hjelp.

Luster Venstre peikar spesielt til punkt 8 om kontrollutvalet. Venstre vil be om at Kontrollutvalet vert opna på lik linje med formannskapet og næringsutvalet m.fl., og at utvalet får same kunngjering og offentlegheit på kommunen si heimeside. Kontrollutvalet vedtek lukking av enkeltsaker når dette tilseier det, slik det mellom anna vert gjort i næringsutvalet.

Luster Venstre ber kommunen v/ ordføraren tek initiativ til ein gjennomgang av kommunen sin rutinar for å forbetre kommunens resultat på indikatorane på Åpenhetsindeksen 2011, slik at openheita vert betra og kommunens score aukar neste år og seinare. Ordføraren må om nødvendig fremja sak til kontrollutval, kommunestyret mv. for gjennomføring av dette.


Solvorn, 16.januar 2012

Jon Ove Lomheim/ Tordsi Skjerdal Rauboti


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Regionale nyhende
17.05.2012 • Sogn og Fjordane
Vil forplikte kommunar med vidaregåande skular
23.04.2012 • Sogn og Fjordane
Eit ope Venstre
22.04.2012 • Sogn og Fjordane
Venstre på trygg grunn
20.04.2012 • Sogn og Fjordane
Venstre er miljøalternativet
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092