Arealplan, Skjolden og Luster kommune si framtid?

Alle i Luster må forhalde seg til at det er lagt mykje investeringar for cruisetrafikk på Skjolden. Det er prisverdig at ein privat aktør har satsa så mykje midlar for å få dette til, men det krevst framleis meir tilrettelegging av landbaserte aktivitetar for vellukka besøk for alle cruiseturistane til kommunen. Ein må ha forståing for at investorar leitar etter tiltak for avkastning, men det må vera i samspel med og til beste også for innbyggarar og kommunen. Det er her viktig at innbyggar og politisk miljø stiller kritiske spørsmål og sørgjer for grundig vurdering av konsekvensar til aktuelle tiltak og dermed meir berekraftige investeringar. Dette er særleg viktig når kommunal arealplan vert lagt ut for høyring.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Jon Ove Lomheim

Jon Ove Lomheim

Leiaren av Luster AP har i sitt avisinnlegg 15.12.2014 gitt underteikna eit «kick» til å målbera Luster Venstre sine synspunkt på arealplanen utlagt til høyring. Møteprotokollar frå formannskapet viser delvis Venstre sine innvendingar og særstandpunkt på framlegget til arealplanen. I formannskapet hadde Venstre innvendingar til både helikopterlandingsplass og plassering av gondolbane i Skjolden. Venstre ønskjer ikkje helikopterlandingsplassen og etter Venstre sitt syn er det eit «overgrep» overfor innbyggarane og Skjolden bygdesenter å føra gondolbana direkte frå cruisekaien til Bolstadnosi. Venstre meiner starten på gondolbana må flyttast til «utkanten» av bygdesenteret ved fylkesvegen/Nymoen leirplass med rimeleg gangavstand frå kaien. Plassering vidare «oppover» mot Vassbakken/Fortun kan også vera eit alternativ å vurdera. Under handsaminga i formannskapet fekk Venstre ingen støtte, så ved neste handsaming vil det bli interessant å avklare om avisinnlegget til Johannessen er «etterpåklokt» soloutspel, eller om AP-sine formannskapsmedlemar vil støtte Venstre for meir omsyn til fastbuande i Skjolden og overordna mål for turisme/ næringsverksemd i kommunen der ein også tek meir omsyn til dyrka mark, miljø og sårbar natur.

Underteikna hadde ikkje høve til å delta på siste folkemøte i Gaupne, men av referat registrerer eg med glede mange av dei kritiske synspunkta til arealplanen (stor nedbygging av dyrka mark, inngrep i sårbar natur/ friluftsområde osv.). Venstre oppmodar sterkt alle innbyggarar om å kome med sine merknadar/synspunkt til utlagt arealplan og håpar her å finne støtte for fleire synspunkt Venstre var åleine om i formannskapet. Venstre sitt mål er ein meir berekraftig arealplan enn den formannskapet har lagt ut til høyring.

Jon Ove Lomheim
– formannskapsmedlem for Venstre –

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**