1000 bedrifter på 20 dager
20.07.2010 I perioden 18. august til 7. september 2010 skal Venstre besøkja minst 1000 bedrifter. Målsetnaden er å få større innsikt i kvardagen til bedrifts-Noreg, og betra grunnlaget for både den nasjonale, regionale og kommunale næringspolitikken.
Dette krev koordinert innsats frå alle lag i organisasjon. Målsetnaden for kampanjeperioden er klar:
* Kvart lokallag skal besøke 3 bedrifter
* Kvar fylkestingsgruppe skal besøke 5 bedrifter
* Stortingsgruppa skal besøke 20 bedrifter

Foto: Cathrine D. Hagen
Informasjon til lokallaga
Kampanjemanual
Alle fylkes- og lokallag har fått tilsendt på epost ein kampanjemanual for korleis ein kan gå fram. Har du ikkje fått denne? Send epost til kampanje@venstre.no! Meir informasjon finn du også på hovudsidane til Venstre.
Framgangsmåte
Før besøket
1. Ta kontakt med bedriftene tidleg – gjerne første veka i august. Forklar bakgrunnen, og at du som ein del av Venstres bedriftskampanje 2010, er svært interessert i å besøkja og å få ein nærmare innføring i kvardagen til bedrifta.
Under besøket
2. Notér det som kjem fram av konkrete problem/framlegg til tiltak. Skjema med spørsmål ligg vedlagt.
3. Informer om kva Venstre planlegg i etterkant:
a. VHO samlar alle innspel og utmeislar konkret politikk og utspel basert på desse.
b. Venstre vil fremja forslag om tiltak i tråd med innspela i kommunestyret/fylkestinget/Stortinget.
Etter besøket
4. Send inn rapport på skjemaet. Bruk aller helst nettskjemaet på http://bit.ly/bedriftskampanje, eller bruk det vedlagde skjemaet og send det inn til kampanje@venstre.no eller til Venstre, Møllergata 16, 0179 Oslo. Send rapportane seinast 10. september 2010.
5. Meld tilbake i ettertid om og når Venstre har gjort noko som vedkjem bedrifta direkte eller indirekte.
Les meir om kampanjen i Liberal 02-10.
Lokale nyheter




