Stor skogbrannfare
07.07.2009 Nationen for 2. juli skriv at skremande få kommunar har planar mot skogbrann, sjølv om Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) forlangte at alle landets kommunar med skogsområde skulle ha ein eigen tiltaksplan mot skogbrann.

Men fleire kommunar har gått inn i interkommunalt brannvernsamarbeid, slik ei skogbranngruppe, leia av fylkesmann Sigbjørn Johnsen, gjekk inn for i fjor. Likevel har korkje Vest-Telemark eller Aust-Agder skogbrannplanar innarbeidd i dei interkommunale brannvernplanane sine, kan Nationen fortelje.
Dersom dette er rett, er det på høg tid å få innarbeidd spesielle bereidskaps- og tiltaksplanar mot skogbrann i dei brannvernplanane som er eit resultat av det prisverdige brannvernsamarbeidet som har kome i stand i Vest-Telemark. I tillegg til dei seks vest-telemarkskommunane, manglar fem andre kommunar i Telemark planar mot skogbrann. Mellom desse er skogkommunane Drangedal, Notodden og Skien. I Aust-Agder er det heile sju kommunar som manglar slike planar, deriblant Froland og fleire andre typiske skogkommunar.
JON INGEBRETSEN
Kviteseid Venstre
Regionale nyhende




