Politisk informasjon er viktig!
19.06.2009 Som politikarar må me bli meir bevisste på å prioritere investeringane å gå inn for å gjennomføre dei i den rekkefølgje tiltaka har blitt satt på dagsorden og fått sin plass i budsjett og planar som det har vore politisk semje om.
Nye investeringar må til ein viss grad finne seg i å stille i køen bak tiltak som er budsjettert med tidlegare, utan at dei har blitt realiserte, i nokre tilfelle som følgje av kommunen si økonomiske bereevne eller unntaksvis på grunn av mangelfullt plangrunnlag.
Døme på desse siste er skjerma eining på KOS og sentrumsplanen i Vrådal. Det er ikkje mi oppgåve å gå meir detaljert inn på kva for nye og kva for tidlegare budsjettpostar dette gjeld, og årsakene til at investeringane ikkje blir gjennomført i den rekkefølgje dei er vedtekne i budsjettsamanheng. Det overlet eg til politisk og administrativ leiing å orientere offentleg om på den måten og på det tidspunkt dei finn dette mest tenleg.

-Det er viktig og betryggande at dykk som veljarar følgjer med på kva me som politikarar bestemmer på vegne av dykk som har vald oss.
Jon Ingebretsen
Kviteseid Venstre
Regionale nyhende




