Venstrehelsing frå nord etter valet

16.09.2009 Venstreveteranen Vidkunn Eidnes frå Harstad sender etter valet ei helsing til VHO og Lars Sponheim for reine liner i valkampen.


Til VHO

Ei venstrehelsing frå nord.
Venstre har ved dette valet vist ei haldning som partiet kan vere stolt over. Menneskesynet har alltid vore liberalt, og full markering av avstand til Frp var nødvendig. I mange saker har eg nok også visse problem med H, men, men.

Stå på for Venstre vidare og la ikkje jouralistar og andre "forståsegpåarar" bestemme
om Venstre skal vere liv laga .

Ei særleg helsing til Lars Sponheim som har lagt ned eit uvurderleg arbeid, og hadde fortent ein langt annan slutt som V-leiar. Usmakelege utsegner får eg vone han hever seg høgt over. Det fortel berre dess meir om avsendaren og viser dess meir at menneskesynet er usmakeleg.

Vi får vere med å ta eit tak rundt i landet. Rundt 1960 skreiv far som var på Stortinget 1945-50 eit innlergg i Dagbladet " Reine liner" - og det synest eg Venstre ved dette valet har vist.

Med helsing

Vidkunn Eidnes, Harstad


Bli medlem Gi ditt bidrag Diskuter på liberal.no
Trine SG på Facebook


Fylkesnyheter
08.02.2012 • Troms
Fokus på læreren
08.02.2012 • Troms
Psykisk helse hos unge
07.02.2012 • Troms
Nye muligheter i nord
06.02.2012 • Troms
Oppdaterte vedtekter
05.02.2012 • Troms
Styrk Forsvaret i nord
Venstres Hovedorganisasjon | Møllergt. 16 | 0179 Oslo | Telefon 22 40 43 50 | Telefaks 22 40 43 51 | venstre@venstre.no
Redaktør: Nettredaksjon | Personvernpolicy | Organisasjonsnummer: 971 278 390 | Kontonummer: 7874.05.60092