Venstre ber om gjennomgang av nasjonale prøver

Venstres bystyregruppe ber om at skolane i Arendal presenterer resultata i dei nasjonale prøvene for eit samla bystyre torsdag 20. november. – Vi er opptatt av innhaldet og kvaliteten i skolen, seier Anne Solsvik og Jan Kløvstad. I dei resultata som er offentleggjorte er det noen veldig gode resultat i Arendal, mellom anna med 5. klasse på Nesheim skole på delt tredjeplass på landsplan. Det er all grunn til å gratulere Nesheim med resultatet. Også Arendal Internasjonale Skole er blant dei beste i landet i noen fag. Alle skoleresultat er lagt ut på Aftenpostens nettsider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad 8

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Men det er også noen resultat som vi finn grunn til å få nærmare forklaringar på, seier dei to bystyremedlemene.

Spørsmåla Venstre gjerne vil ha svar på frå rektorane, er mellom anna:
– Er det framgang frå forrige nasjonale prøve? Kva er gjort for å få den fine framgangen?
– Står skolen stille, kva skal til for å gi betre resultat neste gong?
– Er resultata ikkje så gode som rektor gjerne vil ha dei? Kva skal til for å nå måla?

Arendal Venstre er opptatt av å gi elevane ein best mogleg skole. Elevar i Arendal skal ha landets beste tilbod, og vi skal både ha ein fornuftig skolestruktur og vi skal legge til rette for at barn og unge i Arendalsskolen står best mogleg rusta for vaksenlivet, uansett ballast dei har kome inn i skolen med.

På Stortinget går Venstre sterkt inn for kvalitetsauke i alle ledd i skolen, og med læraren som nøkkelen til den gode skolen. I Venstres alternative statsbudsjett går vi inn for ein milliard til kompetanseheving og rekruttering av lærarar.

Venstre sender nå brev til ordførar og rådmann for å få orientering omkvalitetsutviklinga i skolane i Arendal 20. november.

– Vi er fullt klar over at resultata på ei einaste nasjonal prøve ikkje seier absolutt alt om kvaliteten i undervisninga, og det er ein av grunnane til at vi ber om ein grundig gjennomgang, seier Solsvik og Kløvstad, men det viktige er alltid å ha som mål å bli betre, stadig betre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**