TVA i kveld: Anne Solsvik om skoleresultat, Jan Kløvstad i debatt om utviklingshemma

I dagens TVA er Arendal Venstres Anne Solsvik intervjua om dei høge fritakstala for nasjonale prøver i Aust-Agder, og

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Jan Kløvstad var i debatt med Svein Holberg om kommunens omsorg for utviklingshemma, Følg lenka her.

Om lag halvtanna minutt ut i sendinga er det intervju med Anne Solsvik, mens programposten “Ærlig talt” med Holberg og Kløvstad startar om lag midtvegs i sendinga.

Les også meir om dei nasjonale presseoppslaga om dei høge fritakstala i Aust-Agderskolene i Aftenposten, Vårt Land, ekstra leiarkommentar i Vårt Land og NRK.

I dagens driftsstyremøte reiste Anne Solsvik saka om skoleresultat og fritak, ei sak der Aust-Agder nå er omtalt som “juksefylke” i pressa over heile Landet. Men Arbeidarpartiets gruppeleiar Nils Johannes Nilsen forstod tydelegvis ikkje verken alvoret eller poenget. Det er synd for han, og særleg for elevane som treng all den kvalitet dei kan få i undervisninga. Arendal Venstre vil halde fram med å arbeide for auka kvalitet i Arendalsskolen, og vi vil ha ein arbeidsform i nasjonale prøver som er samanliknbar med resten av landet.

Rundt 6% av elevane i Aust-Agder var fritatt for prøvene, nest høgst fritak hadde Hedmark med 3,9%. Oslo hadde dei beste skoleresultata – og der var fritaksprosenten 1,8%.

Dei fleste elevena som fekk fri har truleg fått det med grunngjevinga at dei var nyankomne til landet. Men Aust-Agder har verken fleire flyktningar eller arbeidsinnvandrarar enn andre fylke. Derfor er desse tala, som Arendal Venstre peika på og bad om forklaring på alt 13. november, ganske enkelt pinlege.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**