Skytesenter bør ikkje ligge like ved hestesenter

Venstre kjemper for dei som sjølv ikkje har stemmerett – dei mange unge jentene og barna som er på Stall Siring som grøn omsorg. I bystyret 26. april var det ein debatt, der Senterpartiets Kristen Bjormyr meinte hestane bør få øreproppar, mens Venstres Jan Kløvstad bad om respekt for det faktum at hestesenteret har etablert seg først. Venstre har engasjert seg sterkt for å finne annan plassering av skytebanen, fordi vi er redde for at trafikk til/frå og støy frå ein skytebane kan gjere drifta av Stall Siring vanskelegare. I tillegg viser vi til dei sterke advarslane frå Mattilsynet, Fylkesmannen og fylkeskommunen. Det sterke og positive engasjementet frå dei mange hestejentene er også viktig for å ta vare på det gode tilbodet, sa Jan Kløvstad i debatten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Sakspapiret til bystyret kan lesast på www.arendal.kommune.no under politiske saker, møtet 26. april og sak nr. 86/07.

Bystyrefleirtalet vedtok altså på nytt at driftsstyret skal legge ut reguleringsplan til offentleg høyring. Dette gjorde bystyret trass i mange viktige dokument der det er advart mot skytesenter så nær eit ridesenter. Desse dokumenta er protestar frå grunneigar, vegforeningar, bondelaget, Vel-foreninga, elgjaktlag, Fylkesmannens miljøvernavdeling, fylkeskommunen og særleg sterk varsel om innsigelse frå Mattilsynets ekspertar. Motargumenta mot plassering av skytesenter er så sterke at det er bortkasta tid og arbeidskaft å behandle ein reguleringsplan.

Mindretalet, Fremskrittspartiet og Høgre, anka fleirtalsvedtaket, og bystyret hadde ny behandling. I bystyret var det Senterpartiet som stilte forslag saman med heile Framstegspartiet og Arbeidarpartiet minus ein represnetant, og også noen frå Høgre og risteleg folkeparti svikta hestesneteret. Berre Venstre og Sosialistisk Venstreparti stod fast.

Venstre har lenga kjempa for å få eit regionalt skytesenter, og vi kan ikkje godta å risikere at eit verdfullt tilbod på Stall Siring til nesten 300 unge jenter, mange psykisk utviklingshemma og funksjonshemma kan bli svekka.

Arendal Venstre vil tale saka for dei som ikkje har stemmerett her, for ungdommen og barna i hestemiljøet, – og sjølvsagt for bedriften Stall Siring som driv ein god bedrift, et godt ungdomstilbod og verdfull grønn omsorg.

Vi meiner det skal vere mogleg å finne andre alternativ for skytesenter, og at det ikkje er riktig å plassere skytesenter like ved hestesenter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**