Velkomen til Vestland Venstre sin valkamp kick-off i idylliske Sogndal.
Laurdag 24. mai til sundag 25. mai arrangerar Vestland Venstre valkamp kick-off på Sogndal folkehøgskule. Gjennom helga vil vi snakke om korleis ein best kan drive valkamp i Vestland, korleis vere synlege og vi får høyre frå valkampsjefane og toppkandidatane.
Dette skal vere ei lærerik, motiverande og ikkje minst sosial helg der ein blir kjent på tvers av kommunegrenser.
Arrangementet vil vere på Sogndal folkehøgskule som ligg omringa av ein innbydende eplehage. Her planlegg vi å fyre opp grillen for ein hyggeleg middag laurdag kveld.
Pris
Måltid vert dekka av Vestland Venstre. Drikke til middag på laurdag må ein ha med sjølv.
Lokallaget eller den enkelte dekker sjølv overnatting. Overnattinga vil vere på Sogndal folkehøgskule. Prisen for enkeltrom er 300 kr per person, og 150 kr per person på dobbeltrom.
Reiseutgifter mellom 200 kr og 1500 kr per person blir dekka. Det vil seie at folk må sjølv dekke utgifter under 200 kr og meir enn 1500 kr. Her kan det difor lønne seg å samkøyre til arrangementet.
Overnatting
Overnattinga vil vere på Sogndal folkehøgskule. Her er der 42 rom, og dermed begrensa kapasitet. Om ein ønskjer å dele rom med nokon auker ein kapasiteten på arrangementet. Det oppfordrast difor til at personer som kan dele rom skriv det i påmeldinga, då med kven. Ein vert kun satt på dobbeltrom om ein har skrive det i påmeldinga.
Påmelding
Ettersom det er begrensa kapasitet på arrangementet vil det vere første mann til mølla fram til romkapasiteten er fylt opp.
Program
Programstart vil vere kl 12:00 laurdag 24. mai, med enkel lunsj frå kl. 11:30. Programslutt vil vere sundag kl. 12:30 med lunsj og heimreise .
Laurdag 24. mai
11:30-12:00 | Enkel lunsj |
12:00-12:15 | Opning og velkommen |
12:15-12:30 | Vallovnadar |
12:30-13:30 | Korleis snakkar me med veljarar, korleis får veljarane til å snakka? Vallovnadar |
13:30-15:00 | Stand i sentrum |
15:00 – 15:30 | Kaffepåfyll og debrief |
15:30- 16:00 | Opplæring EVA |
16:00-16:30 | Sosiale medier |
16:30-16:50 | pause |
16:50-17:20 | Fylkestingsgruppa sin halvtime |
17:20-18:00 | Workshop på aktivitetsplan i lokallaga |
19:00 | Middag og sosialt |
Sundag 25. mai
08:30 | Frokost |
09:00-11:00 | Gode svar på vanskelege spørsmål |
11:00-12:00 | Organiseringen av valkampen |
12:00-12:30 | Oppsummering og avslutning |
12:30 | Lunsj og vel heim! |
Spørsmål kan sendast til [email protected].