Interpellasjon om bybane/kombibane

Jarle Braut tar opp situasjonen omkring bybane/kombibane på Nord-Jæren i en interpellasjon i fylkestinget tirsdag 12. juni. Braut spør blant annet om fylkesordføreren vil ta kontakt med departementet for nødvendige avklaringer om finansieringen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Les hele interpellasjonen her:

Til fylkesordføraren i Rogaland

Interpellasjon/ fylkestinget
Bybane/Kombibane: Tid for dialog og avklaring

Oppslag i media om at Samferdselsministeren ikkje er nøgd med vårt lokale og regionale engasjement i arbeidet i Bybaneprosjektet, har overraska mange og provosert andre.

Bybane

Likeeins har Jernbaneverket kome med nye opplysningar om at perronger/tekniske løysingar ikkje er tilrettelagt for bybane/kombibaneprosjektet! Dette har eg teke som sjølvsagt. Viss våre vedtak ikkje er tydelege nok, må her gjerast nye og så må me koma i dialog med staten for å få klart opp i dette.

Det har aldri vore tvil om at Bybanen på visse strekningar er felles med dobbelsporets. Det må snarast råd avklarast om Jernbaneverket meiner at at denne kombinerte løysinga er teknisk og logistisk gjennomførbar.

Det er tverrpolitisk vilje i kommunane Sola, Sandnes, Stavanger og Rogaland fylkeskommune om å framskunda prosjektet for å få til ei betre trafikkavvikling i regionen og prosjektet vil utover dette gi ein betydeleg miljøgevinst med reduksjon i CO2 utslepp.

Det er behov for å sjå på organiseringa og om det politiske ansvaret er tydeleg nok. Dette må avklarast i dialog mellom fylkeskommunen og kommunane som er inne i prosjektet.

Mediaoppslag viser at det er forvirring knytta til finansiering. Ulike modellar har vorte nemt: alt frå at Staten ikkje vil stilla midler til disposisjon gjennom fordelingsnøkkel stat/regionalt nivå til at prosjektet skal bompengefinansierast lokalt.
Det har så langt regionalt vorte hevda at staten primært må ha ansvaret for denne type infrastrukturbygging. Det er behov for dialog med Staten.

Spørsmål til fylkesordføraren:

1)Vil fylkesordføraren snarast råd ta kontakt med Samferdselsdepartementet for nødvendige avklaringar spesielt knytta til finansiering.

2)Vurderer fylkesordføraren at det er behov for ny politisk og administrativ gjennomgang av organiseringa av prosjektet.

3)Vil fylkesordføraren ta initiativ til å få avklart om det er muleg med felles trasse valg på bestemte strekningar.

Klepp, 1.juni 2007

Jarle Braut

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**