Kultur – grunnlag for vekst

Venstre vil ha eit Hordaland med eit rikt kulturliv

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

Kultur, teater

Foto: Microsoft

Venstre byggjer kulturpolitikken på toleranse og mangfald, og tek utgangspunkt i den eigenverd kulturen har for den einskilde og samfunnet. Venstre meiner at eit fleirkulturelt samfunn er eit godt samfunn, og vil leggja til rette for at ein gjennom det fleirkulturelle får til ei god inkludering i praksis. I ei tid med sterk internasjonalisering er det viktig å føra ein målmedviten kulturpolitikk, tufta på det me sjølve har skapt, men i fruktbart samspel med omverda. Kulturpolitikken må ha det norske språket, bokmål og nynorsk, som grunnleggjande plattform. Venstre ynskjer å arbeida for å oppretta eit nynorsk litteratursenter på Stord.

Hordaland er eit kulturelt tyngdepunkt i nasjonal samanheng, mykje grunna Bergen by. Bergen er ein ressurs i kulturbygginga langt ut over bygrensene, og det er difor viktig at Hordaland fylkeskommune tek aktivt del i den vidare utviklinga av kulturbyen Bergen. Det bør i hovudsak gjelda dei store kulturinstitusjonane og nyskapande tiltak på kulturfeltet.

Kulturvern er eit viktig delområde i kulturpolitikken. Kulturvern er vern av fysiske spor frå fortida, som bygningsvern, historieskriving, og andre former for formidling gjennom arkiv- og museumsverksemd. Kunnskap om fortida gjev oss sjølvforståing og identitet som einskildpersonar og samfunn, og Venstre meiner såleis det er viktig med vern av kulturminne og kulturmiljø i dei ulike delane av fylket. Mange av mellomalderkyrkjene i fylket treng sårt restaurering. Venstre meiner det er eit statleg ansvar å sikra dette, og vil leggja press på nasjonale styresmakter.

Musea er slått saman til større administrative einingar. Det vert ei viktig oppgåve framover å følgja opp arbeidet med denne reforma, og bidra til at dei einskilde konsoliderte musea får gode rammevilkår. Venstre ønskjer å gjera musea gratis for publikum utanom turistsesongen.

Kultur

Foto: Luth

Kulturformidling til born og unge er eit satsingsområde for Venstre. Den kulturelle skulesekken, som mellom anna inneheld ei turnéverksemd til grunnskular i heile fylket, er ei viktig satsing. Slik formidling av kulturopplevingar i samarbeid med lokale og regionale kunstog kulturoperatørar, når mange, og bør utviklast vidare. Venstre meiner kommunar som ønskjer det, må få fridom til å forvalta midlane frå den Kulturelle skulesekken sjølve til eigne prosjekt.

Venstre ynskjer å sikra at kulturkort for ungdom kan bli ei fast ordning som gjev unge tilgang til kulturtilbod til ein rimeleg pris. Det må setjast av midlar for gjennomføring av dette.

Hordalandsnaturen gjev gode høve til friluftsliv og naturopplevingar. Venstre meiner det er viktig å leggja til rette slik at også menneske med funksjonshemmingar lettare kan koma seg ut i naturen.

Venstre vil støtta idretten mellom anna ved å satsa på gode anlegg for alle idrettar.12 Ungdom må få høve til å kombinera vidaregåande opplæring med satsing på idrett. Det er
viktig å sikra breidda, særleg gjennom tiltak for born og unge.

Frivillige lag og organisasjonar er ei berande kraft i kulturarbeidet. Frivillig innsats er ein svært viktig ressurs i kulturbygginga i heile fylket, og er også med på å skapa gode levekår og sosiale nettverk. For lag og organisasjonar er eit samarbeid med fylkeskommunen svært viktig for at me skal kunna ha eit aktivt og mangfaldig kulturliv i alle delar av fylket.

Venstre vil:
* arbeida for at dei store kulturinstitusjonane får trygge rammevilkår
* byggja ut stønadsordningane for kunstnarar som bur eller etablerar seg i Hordaland
* styrka kulturvernearbeidet og satsinga på fartøyvern
* vidareutvikla Den Kulturelle Skulesekken
* etablera kulturkort for ungdom som ei fast ordning
* sikra at idrettsleg aktivitet og frivillige lag og organisasjonar for barn og unge får gode rammevilkår

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**