Lovar ridehall i Hjørungavåg innan to år

Ridemiljøet i Hareid treng ein ridehall, og denne skal stå ferdig innan to år, viss Einar Warholm og Annika Brandal i Hareid Venstre får det som dei vil.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Planane er klare og med ein overkomeleg kommunal innsats i 2008 og 2009, tippemidlar og sponsing frå bedrifter, blir Hjørungavåg det største ridesenteret i heile regionen, skriv Hareid Venstre i ei pressemelding.
Det er Hareid ride- og køyreklubb som står bak aktiviteten og planane om ridehall i Hjørungavåg. Dei har fått laga eit godt prospekt som krev ein overkomeleg innsats frå Hareid kommune. Med 300.000 kroner på investeringsbudsjettet til kommunen i 2008 og 2009 og prioritet på tippemiddelsøknaden frå Hareid, skal planane kunne realiserast.
Dette lovar Hareid Venstre at vi vil kjempe for, og vi har til og med tatt det med i valprogrammet, seier Einar Warholm, partiet sin førstekandidat.
Han ser no sjansen til å byggje opp det største heste- og ridemiljøet i regionen i Hjørungavåg.
Det er aktiviteten og det store engasjementet frå Sigurd Liavåg som blir berebjelken, men også andre hesteeigarar i Hjørungavåg og distriktet elles kan gjere Hjørungavåg til regionsenter for hestesport.
Annika Brandal som sjølv driv med hest, ser med glede på korleis hestemiljøet i Hjørungavåg har utvikla seg. Folk kjem frå heile regionen til vanleg riding, helsesport og handikapriding.
Det er viktig at Hareid byggjer opp om slike miljø som kan bety mykje for kommunen både i fritidssamanheng og som ein arbeidsplass, meiner ho.
Ein ridehall vil også ere med på å setje Hareid sterkare på kartet som hestesenter, og Brandal er sikker på at dette har mykje å seie for at barn og unge skal trivast i kommunen, og får lyst til å kome attende når dei sjølve skal etablere seg.

kilde (Vikebladet)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**