SV sitt truverde

I valkampen før siste stortingsval skule SV synleggjera kvar dei stod.
Dette har journalistar latt passera, utan nevneverdig støy. Det har sjølvsagt samanheng med at journalistar flest hallar mot den politiske venstresida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Nokre av hjartesakene til SV er/var:
Nei til byggjing av forureinande gasskraftverk.
Nei til opning for oljeboring i nordområda.
Noreg ut av Irak og Afganistan
Gratis skulemat
Full barnehagedekning, om ikkje lova ho Kristin at ho skulle gå.

Klimautslipp

Foto: David Ritter, sxc.hu

Fasiten syner oss at med SV i regjering har dei:

Opna for byggjing av forureinande gasskraftverk.
Opna for oljeboring i nord.
Sent jagarfly til Afganistan, og styrker til Irak.
Dei har klart å fremja forslag om gratis skulefrukt. Det er jo bra, men ikkje det dei lovte i valkampen.
Ikkje er det full barnehagedekning. Tvert om foregår det ei taltriksing for at det skal sjå penare ut.
Me kunne heller ikkje lita på løfte om at ho Kristin ville gå. Akkurat det kom ikkje som noko stor bombe.

Veljarane bør veta om dette. Hadde desse løftebrota komme frå sentrum, eller borgarleg side hadde neppe pressa latt desse løftebrota forbigå i tyssnad.

Så ein kommentar til klimarekneskapen til regjeringa.
I 2050 skal me i følge han Jens gå i null. Dette ved kjøp av kvotar i utviklingsland.
Mitt spørsmål er: Kva med olja me eksporterar? Er CO2 utsleppa frå denne teken med i rekneskapen?
Heile denne reknaskapen, og heile denne klimameldinga er ikkje verd papiret ho er skrive på så lengje utsleppa frå Noreg sin eksport av olje ikkje er med.
Minimumskravet frå Noreg bør vera at nasjonar me eksporterar til har underskrive Kyotoprotokollen, og er viljuge til å fylgja opp den.
Me må tenkja langsiktig. At me køyrer rundt i bilar som nyttar fossilt brennstoff er eit ytterst midlertidig fenomen. Dette er noko som vil foregå i kanskje eit par hundre år til saman. Eit lite glimt i historia. Berre eit tankekors.

Venstres klimakampanje. Logo.

Foto: Venstre

Venstre vil:

– massiv kollektivsatsing
– fortsette elektrifisering på sokkelen
– betre støtteordning til fornybar energi
– rensing av gasskraftverket på Kårstø umiddelbart etter oppstart
– rensing store punktutslipp fra industrien
– satsing på biodrivstoff
– økte tilskoy til fjernvarme, energiomleggjing og energisparing
– massiv satsing på miljøretta forskning
– Løyva 100 mill. kroner til tilskot til klimakommunar som skal fungere som storstilte demonstrasjonsprosjekter for korleis ein i kommunene, gjennom samarbeid mellom det offentlige, innbyggjarane, og lokalt næringsliv kan redusere utsleppa av klimagasser.

Me kan velja å handla og visa solidaritet med dei som vil råkast hardest av klimaendringane. Då trengs konkrete mål, og vilje til å følgje opp med dei tiltak som er nausynte for å nå måla. Det er Venstre sin veg.

Eg meiner løysinga ligg i sentrum. Det er her me kan skapa dei gode langsiktige løysingane for framtida.
Venstre styrkja kollektivtilbodet, og styrkja skulen, sikra personvernet og skapa ei trygg framtid.

Rolf Walderhaug
Askøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**