Utsette å drøfte super- utvalet

I formannskapet: Hallvor Lilleslett ville ikkje diskutere noko nytt leiarforum i Gol.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Formannskapspolitikarane i Gol ville ikkje diskutere superutvalet. Fyrst må det utgreiast eigen sak.

Under ordførarens kvarter i siste formannskapsmøte i Gol vart det orientert om etableringa av eit nytt politisk leiarforum. Men av møteprotokollen går det fram at representanten Hallvor Lilleslett (V) bad om at saka ikkje vart drøfta, ettersom den ikkje stod på sakskartet.

Trekt attende
Ved ei eventuell behandling av eit leiarforum skal saka fyrst stå på dagsorden ved møteinnkallinga, kravde Hallvor Lilleslett. Dette var det semje om.
Det enda med at eit dokument som vart lagt fram i saka vart trekt attende, og at formannskapet eventuelt skal få “superutvalet” lagt fram og sett på dagsorden ved ei seinare møteinnkalling..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**