Venstres Jan Kløvstad (bildet) stod fast på standpunktet frå første behandling om å nekte skjenkeløyve, fordi sosialtenesten og politiet tilrådde å ha Bowlin1 alkoholfri, fordi det er mykje bråk i sentrum dei fleste helgene, og fordi ungdommen under 18 år treng og fortener eit alkoholfritt tilbod SÆRLEG I HELGENE.
Venstre fekk med seg Senterpartiet og Kristeleg folkeparti, mens Arbeidarpartiet, Høgre og Fremskrittspartiet endra standpunkt sidan sist.
Konklusjonen er at det da ikkje blir alkoholfri bowling på dei viktige fredags- og laurdagskveldane, men berre kvardagskveldane.