Nasjonalt kompetansesenter for oljevern til Bergen

Radøy Venstre meiner eit nasjonalt senter for oljevern må leggjast til Bergen, fordi Bergensregionen saman har kompente miljø som eit slikt senter kan byggja vidare på. Dessutan ligg Bergen geografisk midt på den sårbare vestlandskysten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I Bergen ligg allereie Bjerknessenteret, Havforskningsinstituttet, StatoylHydro på Sandsli og Haakonsvern, samt stasjonering av kystvakt. Samstundes har ein også sterke fagmiljø i Nordhordaland ved StatoilHydro sitt forskningssenter på Mongstad, NOFO, Frank Mohn Flatøy AS og trafikksentralen på Fedje. Radøy Venstre meiner difor at ei lokalisering i Bergen vil ha gode synergieffekter. Ei alternativ lokalisering i Kristiansund vil ikkje kunne ha så sterke fagmiljø i ryggen. Lokalisering i Bergen med ei underavdeling i Nordhordland, som må innehalde meir enn eit depot, vil såleis vere den beste løysinga.

Radøy Venstre understrekar at eit slikt senter må ha eit breiare fokus enn berre utslepp av olje og oppreinsking. Oljevern må også handle om forsking om havet, alternative drivstoff, teknologi for opprydding, berging og trafikkovervaking. I nasjonal og internasjonal samanheng er det sterk kompetanse i denne regionen og eit nasjonalt senter for oljevern og forsking må liggja i Bergen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**