Krev eiga varslingseining i Arbeidstilsynet

Venstre meiner lova ikkje skaper eit tilstrekkeleg klårt rettsvern og tryggleik for varslarar. Venstre gjer difor framlegg om at det opprettast ei eiga varslingseining under Arbeidstilsynet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


[http://www.stortinget.no/dok8/2007/dok8-200708-069.html ] Framlegget kan lastast ned her.
Stor belastning
– Det er ein stor personleg belastning å varsle om kritikkverdige eller ulovlege høve på arbeidsplassen. Erfaring har vist at verksemder som har blitt konfrontert med ein ubehageleg bodskap frå ein varslar, ofte har vald å reagere mot varslaren i staden for å rydde opp i problema, seier stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen.

Varslingseininga bør difor vere ein varslingsstad som mottek og registrerer varslingssaker. Eininga bør ha som mål å kome i ein dialogsituasjon med involverte parter, men bør også utstyrast med mynde til å gripe inn i verksemder, syte for oppklaring rundt dei høva det varslast om og ha sanksjonsmiddel overfor arbeidsgjevarar.

Ei eiga eining
– Vi oppnår først eit reelt og fungerande varslarvern ved å etablere ei offentleg eining som kan gje råd og bistand for alle involverte partar medan eventuelle undersøkingar i ei varslarsak finn stad. Ei slik eiga varlsingseining vil bidra til auka rettstryggleik både for arbeidsgjevar og arbeidstakar, seier Gunvald Ludvigsen.

Nokre varslarar vert utsette for mobbing og sosial isolasjon. Det varslast gjerne ofte om tilhøve som i beste fall er brot med god forretningsskikk og tilhøve som i verste fall er økonomisk kriminalitet. I nokre av sakene har kritikkverdige tilhøve blitt tekne opp internt i verksemda på førehand. Diverre har ofte varslarane blitt trakasserte og har lidt store personlege tap, både økonomisk, sosialt og psykisk.

– Mange av dei varslarane som har blitt offentleg kjende, kan fortelje om verksemder med ein organisasjons- og leiingskultur prega av manglande evne til openheit. Det er diverre fleire døme på at tilsette har gått til sine tillitsvalde og verneombod utan å få hjelp i ein varslarsituasjon, seier Gunvald Ludvigsen som meiner at dei som vurderer å varsle om kritikkverdige tilhøve, treng praktisk og juridisk rettleiing som arbeidsmiljølova i dag ikkje opnar for.

– Ei varslingseining vil kunne ivareta rettstryggleiken for alle involverte partar i ein kritisk periode og vere til hjelp for å avklare kritikkverdige tilhøve. Ei slik eining kan informere om varslarreglane, om risikoane ved varsling, at man ikkje skal ha personlege motiv og at varslinga skal omhandle tilhøve som kan etterprøvast, seier Gunvald Ludvigsen

Sikre bevis og etterforske
Eininga må etter Venstre sitt syn utstyrast med ressursar som set dei i stand til å sikre bevis og etterforske dei innkomne opplysningane. Eininga bør vidare få ressursar til eventuelt å føre rettssaker mot arbeidsgjevar på arbeidstakar sine vegner når allmenne omsyn tilseier det. Ved avdekking av økonomisk eller anna kriminalitet, skal eininga sende denne delen av saka vidare til aktuelle etterforskningsorgan.

Venstre meiner varslingseininga bør evaluerast etter to år for å sjå til om ho fungerer etter intensjonen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**