Vil ha samarbeid med Herøy og Sande om legevakttenesta på kveldstid

Årsmøte i Hareid Venstre: Hareid Venstre ønskjer eit samarbeid med Herøy og Sande om legevakta på kveldstid dersom ikkje Hareid og Ulstein greier å oppretthalde eiga legevakttenesteetter kl. 22. Venstre meiner dette gir det beste og næraste tilbodet til pasientar frå Hareid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Legevaktsamarbeid var ei av dei viktigaste sakene på årsmøte i Hareide Venstre. Og årsmøte konkluderer med at det er betre for pasientar frå Hareid som treng legevakt om kvelden, å reise til Myrvåg enn heilt til Volda.

– Det betyr at Hareid Venstre ønskjer ei løysing på samarbeidet med Sande og Herøy som blir om lag slik som samrbeidet med Volda/ Ørsta er skissert: Eit samarbeid som sikrar at innbyggjarane i Hareid og Ulstein har eiga legevaktteneste fram til kl. 22 og at pasientane deretter reiser til Myrvåg dersom dei treng legehjelp, heiter det i ei pressemelding frå årsmøtet. Og vidare:

– Det vil sikre at pasientane slepp å reise så langt dersom dei treng hjelp om natta. Hareid Venstre har vurdert det slik at det er betre for spesielt eldre og barn å reise til Myrvåg enn til Volda om dei skulle trenge hjelp. Dei fleste i desse aldersgruppene treng drosje eller pårørande til å køyre seg for å kome seg til legevakta. Ei reise til Myrvåg går både fortare og er billegare enn å reise til Volda. Det er ikkje så godt å site lenge i bil med t.d. store smerter eller skader som skal vurderast av lege før eventuell medisinering eller innlegging.

Hareid Venstre viser også til oppslaga i media siste tida om stor mangel på legar i legavakta i Ørsta. Det tyder på at Ørsta ikkje har så mange legar å sette inn eit legevaktsamarbeid – og at det fort kan bli mange turnuslegar knytt til sjukehuset i Volda som blir innleigt til ei felles legevaktordning for Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid.

Hareid Venstre sender over forslaget til ordføraren i Hareid som ber om å ta med seg dette i samtalar med Sande og Herøy om legavaktsamarbeid.

Kilde: Vikebladet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**