SV bør respektere at barn og unge vil seie meininga si, Hallgeir Langeland

SVs Hallgeir Langeland presterte å kritisere E18-aksjonistane mellom Arendal og Tvedestrand onsdag for at vi puffa barna foran oss. Venstres Jan Kløvstad, som leia det som er omtalt som største vegaksjonen på Sørlandet noen gong undrar seg over mangelen på kunnskap og folkeskikk frå SVs remste samferdslepolitikar. – Stortingskomiteen stansa ved Nesheim skole, der alle 96 elevar stod trygt ved busshaldeplassen og

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


ba komiteen om å få ein trygg veg.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Ved Holt skole stod også 100 elevar, ved barnehagane til saman drygt 20 barn, og ved Tvedetsrand videregående skole på Holt 50-60 ungdommar. Langs vegen stod det anslagsvis 300 vaksne som viste kvart einaste kryss, avkøyring og busshaldeplass.

Og så presterer SVs Hallgeir Langeland å seie til NRK Sørlandet at vi puffar ungane foran oss.

Svaret vårt er:
1. Ungane har rett til å leve, dei også.
2. Ungane er dei som er hardast ramma av den farlege E18, og dei er dei svakaste av dei mjukaste trafikantane.
3. SV bør respektere at barn og unge vil seie meininga si. Det er ungane som er framtida.

Dei andre medlemene av Stortingets transport- og kommunikasjonskomite hadde eit heilt anna syn på samtalen med skoleelevane og køyringa langs farlege 21 km med 159 avkøyrslar i tillegg til landbruksvegar og blanding av langtransport og lokaltrafikk i bil, på sykkel og til fots.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**