Bruk dei biologiske energiressursane!

I eit saksoppslag i Varden for 17. mars, slår skogbrukssjef Sverre Bakke i Tokke eit slag for at kommunen burde satse på grøn energi i staden for framleis å basere oppvarminga av store energikrevjande kommunale bygg på det han meiner er alt for billeg elektrisk straum i Tokke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Saka som Bakke tar opp er i høgaste grad aktuell også i andre kommunar, mellom anna i Vest- Telemark, der straumprisen etter måten er låg, og ein derfor ikkje i tilstrekkeleg grad har arbeidd med å nytte andre energikjelder enn den som vasskrafta genererar.

Med dei ulike offentlege hus Kviteseid kommune alt har, og serleg med dei bygg og anlegg som er planlagt i nær framtid, vil det truleg vera aktuelt å basere oppvarminga av desse på alternative energikjelder som til dømes flis frå biomasse, jordvarme, grunnvatn m.v. Bare det å halde ein fotballbane med kunstgras fri for snø om vinteren og det å varme opp ein fullskala idrettshall med fleirbruksfunksjonar vil krevje store energimengder. I prosjekteringa av desse utbyggingane må ein syte for at utfordringane som knyter seg til energiøkonomisk drift og miljøvenleg varmeforsyning blir ein høgt prioritert del i planlegginga og gjennomføringa. Dette vil vera viktige element i den energi- og klimaplanen som kommunen nå etter kvart skal til med.

Oppvarming med elektrisk straum direkte eller som kjelde til vassboren varme er sløsing med konsesjonskraft og energi. Bioenergi er miljøvenleg og fornuftig av fleire årsaker, serleg i ei tid da bygdene gror att av biologisk råstoff som kan brukast til produksjon av denne energien.

Kanskje Vest-Telemarkregionen kan tenkje og handle samla og heilskapeleg når det gjeld desse spørsmåla, mellom anna i samband med ein overordna energi- og klimaplan.
Dette vil vera ei god og sårt tiltrengt miljøpolitisk profilering av heile regionen og av den einskilde kommune der.

Jon Ingebretsen
Leiar i Kviteseid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**