FrPs klimaekspert skylder på ein grill i Kentucky!

Framstegspartiet nasjonalt og lokalt hevdar at ekspertane er usamde, og at dei forskarane som er kritiske til FNs klimapanel ikkje får sleppe til. Nå har partiet endeleg funne ein ekspert partiet vil lytte til. Eksperten heiter Fred Goldberg, svensk ingeniør med doktorgrad i sveiseteknologi. Han var hovudinnleiar for FrPs klimakonferanse i Bergen i helga:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


I Bergen sa han, sitert frå Aftenposten:
“- Temperaturmålestasjonen i for eksempel Kentucky står foran en grill. Kanskje det var her man fikk for seg at “koldioxid” var årsaken”, spurte han retorisk.

Budskapet ble godt mottatt. Partiets miljøpolitiske talsmann, Ketil Solvik Olsen, forklarte at Goldberg var invitert fordi han har markert seg med gode, saklige standpunkter.”

Dette er altså den vitskapsmannen Framstegspartiet har klart å få tak i. Ein person som hevdar at FNs målingar av auka temperatur på kloden skuldast at ein målestasjon står foran ein grill i Kentucky!

Fred Goldberg må jo gjerne tru at 2500 vitskapsmenn og -kvinner i FNs klimapanel har berre ein einaste målestasjon i heile verda å vise til, og at denne står foran ein grill i Kentucky!

Men at det skal kvalifisere til å bli hovudinnleiar på klimakonferansen til eit norsk politisk parti, fordi “han har markert seg med gode, saklige standpunkter.”? Utruleg.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**