Giske Venstre på skulebenken

Helga 4.-6. april var kommunestyrerepresentantane frå Giske Venstre på skulebenken i Molde. Giske Venstre markerte seg tydelig som eit aktivt parti, og vart trekt fram som det laget i Møre og Romsdal med den beste heimesida på internett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Auke på nettsidene
Venstre lanserte nye nettsider for vel eit år sidan, og har dobla talet på besøk i løpet av denne perioden. Giske Venstre opplever óg auke i talet på daglege besøk, og har hatt ei spesielt sterk auke dei siste månedane.

– Det er slik det skal gjerast! Sa Frode Fjeldstad, Informasjonsrådgiver i Venstre, då han viste kursdeltakarane heimesidene til Giske Venstre.

Rita Sletner, Anne-Lise Roald, Runa Godø Sæter, Britt Giske Andersen, Trond Hansen Riise

Rita Sletner, Anne-Lise Roald, Runa Godø Sæter, Britt Giske Andersen, Trond Hansen Riise
Foto: Helge Hamre, Volda Venstre

Satsing på grasrota
Venstreskulen er ei satsing på grasrota i partiet, og startar med ei innføring i partiets historie, ideologi og partiprogram. Kursansvarleg var mellom andre Rita Sletner, assisterande generalsekretær i Venstre.

Rita Sletner var statssekretær i Justisdepartementet i Kjell Magne Bondeviks 2. regjering, då Odd Einar Dørum (V) var Justisminister. Ho har ei lang politisk erfaring frå alle nivå i politikken. Sletner var også leder i voldtektsutvalet som i januar overrekte si utgreiing til regjeringa.

– Det er utruleg godt å få ei stadfesting på at ein kjenner seg heime i partiet sitt, sa fersk Venstre-politikar Runa Godø Sæter. Ei grundig innføring i verdiane og haldningane som ligg til grunn for partipolitikken gjer meg trygg på at eg er på rett lag.

Helge Solum Larsen

Helge Solum Larsen
Foto: Frode Kleppe

Ideologi
Kursdeltakarane fekk ei grundig innføring i Venstre sin historikk og ideologi av Helge Solum Larsen som er bystyrerepresentant i Stavanger Venstre, og fylkesleiar i Rogaland.

– Eg er stolt av å vere medlem i eit parti som har arbeidd så lenge for folkestyre, likestilling og sosialt ansvar, seier den andre ferske Venstre-politikaren i Giske, Anne-Lise Roald. Samstundes er det godt å sjå at partiet har så god takhøgde, og at det er lov å vere uenige på enkeltsaker samstundes som ein kan samle seg om hovedlinjene.

Folkestyret
Det var 30 deltakarar på kurset, og Giske Venstre stilte med sine tre kommunestyrerepresentantar. Dei fekk gode tilbakemeldingar frå fylkesleiinga på den lokale innsatsen, og Fylkesleiar Trond Hansen Riise peika på at politikk nettopp skal skapast lokalt, og at det lokale arbeidet er grunnlaget for eit aktivit folkestyre.

– Påfyll av kunnskap samt inspirasjon frå andre lokallag er utruleg viktig for kvardagen som lokalpolitikar, seier Britt Giske Andersen. Sjølv om eg har vore med ein periode før, så er det alltid meir å lære. Det er det som gjer politikk så spanande og engasjerande. Når vi då i tillegg får stadfesting frå sentralt hald om at vi er på rett spor, så gir det nye krefter og tryggheit til å fortsetje det arbeidet vi har starta som gruppe.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**