Venstre prioriterer kunnskapssamfunnet

Noreg si framtid ligg i ein kunnskapsrik og kompetent befolkning. For sosialliberale er kunnskap ein verdi i seg sjølv. Vedvarande og sterk satsing på utdanning og forsking er naudsynt for å sikre verdiskaping og velferd, vårt miljø, demokrati, næringsliv og vår ålmenndanning i framtida. Dette krev ein klar politisk kurs og evne og vilje til å halde denne kursen. Det handlar om å tenkje klokt og handle rett.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Gjennom fleire statsbudsjett har den raudgrøne regjeringa vist at dei ikkje maktar denne oppgåva:

I staden for å styrke høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar har dei innført eit kvileskjær med store konsekvensar for institusjonane
I staden for å styrke den næringsretta forskinga har dei svekka dei praktiske tiltaka som fremjer næringsretta innovasjon
I staden for å styrke grunnopplæringa vil dei pøse fleire timar inn i grunnskulen med lærarar som vi kjem til å mangle i løpet av få år
I staden for å innføre systematisk etter- og vidareutdanning for lærarar er dei opptekne av å lovfeste frukt- og grøntordninga
I staden for å sikre mange nok kompetente førskulelærarar er dei raudgrøne opptekne av å innføre makspris som forseinkar målet om full barnehagedekking

Skolebøker

Politikk handlar om å prioritere. Skal vi byggje kunnskapssamfunnet må vi prioritere dei offentleg kronene deretter. Difor seier Venstre nei til å utvide skuledagen og å innføre gratis frukt og grønt no! Dei raudgrøne prioriterer galt i ein høgkonjunktur.

Venstre utfordrar difor regjeringa på desse punkta:
Kvileskjæret: Kuttet på 274,3 millionar kroner i basistilskota til universitet og høgskular er øydeleggjande og må rettast opp att.
Forskingsfondet: Fondet er no på 66 milliardar, men bør vere på 150 milliardar i 2010. For å nå dette målet må fondet aukast til 100 milliardar i 2009. Ei slik auke kan gi store strategiske forskingssatsingar for framtida.
Infrastruktur for forsking: Det er stort etterslep på utstyr og ei rekkje bygg i universitets- og høgskulesektoren ventar på investeringar og rehabilitering. Venstre vil ha systematiske opptrappingsplanar på desse områda.
Næringsretta forsking: SkatteFUNN-ordninga, brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) og ordninga med forskings- og utviklingskoordinatorar må styrkast. Brukarstyrt forskings utløyser mest forskingsbasert innovasjon i næringslivet.
Utdanning av ålmennlærarar: Utdanninga må endrast og utvidast til fem år. Det må leggjast større vekt på fagleg fordjuping og praksis.
Kompetanseheving for lærarar: Innfør ei forpliktande og systematisk etter- og vidareutdanning for lærarar — eit lærarløft — i tråd med Venstre sitt framlegg om eit kompetanseår.
La elevane evaluere undervisninga, slik at lærarane får reell tilbakemelding på undervisningsforma si.
Auke kompetansen til rådgjevare slik at dei er i stand til å gi støtte og rettleiing til elevane.
Friske skulebygg: Ta opp att rentekompensasjonsordninga for skulebygg slik at skuleeigarane får høve til å finansiere nybygg og renovering av eksisterande bygg.
Rekrutteringsplanar: Innføre nasjonale rekrutteringsplanar slik at vi sikrar mange nok nye lærarar i skulen og behalde dei som allereie er der.
Seniortiltak: Innføre målretta seniortiltak, til dømes bonusar eller redusert arbeidstid for å halde verdfull kompetanse i skulen.
Pedagogiske kvalifiseringsstipend: Etablere kvalifiseringsstipend for potensielle lærarar med akademisk utdanning som manglar pedagogisk kompetanse, men ønskjer å bli lærar.
Skuleleiarane: Gi rektorane nok administrative ressursar til at dei kan bruke tid på å vere pedagogiske leiarar — og innfør skuleleiarkurs for rektorar og lærarar.
Kompetanse i barnehagen: Sikre fleire førskulelærar og sett i gong systematisk kompetanseheving blant personalet i barnehagane.
Fagkrav for å undervise: Frå og med ungdomstrinnet skal alle lærarar ha ein fagleg bakgrunn (60 stp.) i faga dei underviser i.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**