Radøy Venstre sitt standpunkt til eigedomsskatt

Det er viktig å stilla seg spørsmålet fleire gonger; Vert kommunen meir attraktiv utan eigedomsskatt? Nokre fleire avvegingar skal gjerast den neste månaden. Kjem ein ikkje fram med eit berekraftig alternativ, kan ikkje Radøy Venstre vere med på å fråskriva seg ansvaret ved å sei nei til eigedomsskatt. Medlemmane våre gav gjennom medlemsmøtet mandat til å stemme for innstillinga frå rådmannen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Radøy Venstre ville ikkje vera med på å innføra eigedomsskatt på verk og bruk, og har heile tida stemt imot dette. Radøy Venstre har stått ved løftet i valprogrammet om å ikkje auka denne. Dette har me ikkje fått fleirtal for.

No er det behandlinga av budsjettplan som er på agendaen. Radøy som organisasjon er i ein positiv driv, og har fått mykje positiv omtale. Me har eit godt tenestetilbod som dei tilsette utfører med høg kvalitet! Me har vatn i bassenget og eit variert og godt tilbod innan kultur og fritidsaktivitetar. Men økonomiplanen viser ei dyster utvikling i den neste fireårs perioden. Radøy Venstre kjenner at ein må vera med å ta ansvar for å oppretthalde og vidareutvikle kommunen slik at ein framleis kan tilby innbyggjarane tenester og andre tilbod av like høg kvalitet og at ein kan halda fram med å vera ein god arbeidsgjevar for dei tilsette. Det er ikkje noko ein ser lett på, men her har ein gjort politiske avvegingar.

Innføringa av eigedomsskatt er å påføra innbyggjarane ein ekstra skatt på alt skattlagde pengar. Det dreier seg om beløp frå ein tusenlapp og til om lag sju tusen. For mange deltidsstilsette er dette ei månadsløn!

Men som sagt, kommunen som organisasjon er i ein positiv driv. Sjølv om sjukefråveret er høgt, 9%, er det ein nedgong på ein prosent frå i fjor. Det å uroa organisasjonen med nye kutt og innstramingar og reduksjon av tenestetilbodet til innbyggjarane er ein uunngåeleg konsekvens om ein vel å ikkje innføra eigedomsskatt. Store kutt i tenester og stillingar vil etter Venstre si meining auka driftsutgiftene grunna auka sjukefråvere, svake brukarar som vil få behov for auka hjelp fordi dei ikkje får den hjelpa som gjev framgong. Gamle, sjuke som ikkje får verdig pleie og omsorg. For å redusera drifta, kan ein måtta kutta både i tal skular og barnehagar. Manglande kultur og fritidstilbod som vil gje utgiftsauke i form av uka sosialutgifter. Me veit alle at kultur og fritidstilbod er særs viktige førebyggjande tiltak. Tek ein ikkje dei føringane som økonomiplanen viser oss på alvor, og berre seier nei til eigedomsskatt og fortset som før, vil ein rasera det tilbodet som har gjort Radøy til ein særs god kommune å bu i. Kutta vil ramma alle, uansett alder og tenestebehov.

Difor er det viktig å stilla seg spørsmålet ein gong til; Vert kommunen meir attraktiv utan eigedomsskatt? Nokre fleire avvegingar skal gjerast den neste månaden. Kjem ein ikkje fram med eit berekraftig alternativ, kan ikkje Radøy Venstre vere med på å fråskriva seg ansvaret ved å sei nei til eigedomsskatt. Medlemmane våre gav gjennom medlemsmøtet mandat til å stemme for innstillinga frå rådmannen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**