La kulturen koma til syne, også i kommunepolitikken

Dette er tema for ein interpellasjon Gol Venstre reiser i kommunestyret tysdag 6. mai

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Gol kommune er ikkje berre ein frisklivskommune, reiselivskommune og eit handelssenter. Gol kommune er også ein kulturkommune.

Kulturkommunen Gol har ein velfungerande kulturskule med dyktige lærarar og talentfulle elevar.

Det er viktig at elevane har arenaer å opptre på i det offentlege rom, og der det blir forventa kvalitet. Huskonsertar, eigne store prosjekt og tilfeldige enkeltarrangement er viktige mål for elevane men dei treng fleire arenaer.

I ein interpellasjon i kommunestyret tysdag spør Gol venstre om korleis ordføraren stiller seg til eit spørsmål om at kommunestyre inviterer Gol kulturskule til å gje eit lite kulturelt lyft i byrjinga av kvart kommunestyremøte.

Gol venstre meiner eit omfang på 3 til 5 minutt rett etter møtestart ville vera høveleg. Kulturskulen må bli beden om å ta på seg ansvaret for å organisere dette, og det skal vera høg kvalitet på det som blir framført. Dette ville kunne vera ei fin ramme og ein nyttig arena for enkeltelevar eller grupper på Gol kulturskule.

Gol Venstre meiner dette kan vera ein god måte å synleggjera kulturskulen for det politiske miljøet i Gol. Det vil vera ein god arena for dei flinkaste elevane. Dette kan også vera utgangspunkt for ein meir systematisk bruk av kulturskulen i kommunal samanhang. “Den Kulturelle Spaserstokken”; kultur for eldre kan her vera eit stikkord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**