Ikkje Rettferdig Handel i Giske

Ein interpellasjon til kommunestyret frå Venstre om å gjere Giske til Fairtrade-kommune, vart trass kraftige signal frå fleirtalet i kommunestyret ikkje teke opp til debatt og avstemming.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Ikkje handsama
Eit fleirtal i kommunestyret hadde ønske om å ta opp interpellasjonen til handsaming og beslutning i gårsdagens kommunestyremøte, men trass positive signal i svaret frå ordføraren og frå fleire i eige parti og i kommunestyret, valde han og nokre til å gå imot at det skulle fattast vedtak i går. Ordføraren meinte interpellasjonen måtte takast inn som eit forslag til kommuneplanen.

Kommuneplanen
– Vi fekk signal om at dette burde fremjast som eit innspel til samfunnsdelen av kommuneplanen. Det er etter mi meining noko som er ei unødvendig utdraging av saka, seier Venstres Anne-Lise Roald, som fronta forslaget frå Giske Venstre.

Fairtrade produkter

Foto: Fairtrade

Utfordring til innbyggjarane og bedriftene
Fram til vi får fatta eit formelt vedtak i kommunestyret, håper eg at innbyggjarane tek tak i arbeidet, og spør etter Fairtrade-merka produkt i butikkane. Bedriftene i Giske blir også utfordra til å ta denne ballen, seier Runa Godø Sæther.

Fleirtal i neste runde?
Forslaget om å starte arbeidet med å gjere Giske kommune til Fairtrade-kommune vil no bli omarbeidd, og sendt inn som eit innspel til kommuneplanen som no er hengt ut til høyring.

– Når innspelet kjem opp i forbindelse med vedtaking av kommuneplanen, reknar eg med at forslaget går gjennom. Ein hadde simpelt fleirtal for saka i går, og det håper eg vil halde seg til vi tek til med snekringa av kommuneplanen, avslutter Roald.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**