Budsjettet: Hjelmeland Venstre vil framleis ha ein kommune i pluss!

I dette lesarbrevet gjer Hjelmeland Venstre greie for sine prioriteringar i samband med budsjettet for Hjelmeland for 2009. Hjelmeland Venstre satsar på barnehage og skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Les heile lesarbrevet her:

Hjelmeland Venstre vil framleis ha ein kommune i pluss!

Penger, sedler

Foto: Microsoft

På mange måtar er det eit defensivt budsjett som er lagt fram for politikarane dette året , spesielt med tanke på å auke folketalet. Gode intensjonar om å arbeide for ein kommune i pluss er langt på veg ein gløymt strategi og me har fått presentert eit budsjett som sannsynleg vil forsterke ein negative trend med nedgong i folketalet også i 2009 som resultat. Venstre vil difor i budsjettsaka for neste år stille ei rekkje forslag med tanke på å møte det me har sett av ei pågåande negativ utvikling.

Venstre meiner at å selje Vormedalen skule vert feil. Sjølv om både skule og barnehage er lagt ned er det svært viktig for ei bygd å ha eit felles bygg med tanke på tilbod til dei som bur der. Skulen er eit nøytralt bygg eigna for dei fleste arrangement og aktivitetar for unge som for eldre. Ikkje minst såg me på fjernsynet korleis dei unge i bygda gleda seg over å ha denne samlingsplassen. Ein kommune som ikkje ser seg råd til å oppretthalde eit slikt minimumstilbod grev fort si eiga grav. Venstre vil difor gje dei snaut 100 innbyggjarane i bygda dette tilbodet som eit lite signal på at også Vormedalen er liv laga nå og på sikt.

Venstre seier også ja til å behalde barnehagen på Randøy. For det første ligg barnehagen på eit flott område der leiken kan utfalde seg i naturgitte tilhøve med minimum av asfalt og konstruerte leikeapparat. Men viktigaste grunnen for å behalde barnehagen er at barneskulen på Hjelmeland er sprengd både for elevar og personale. Randøy er nå ein del av Hjelmeland skulekrins og er difor eit godt supplement for å løyse desse romproblema. På Randøy står det ein fullt operativ skule som kan avlaste både ein og opp til 3 klassar. Vegen mellom dei to skulane er ikkje lengre anten ein køyrer den eine eller den andre vegen. Dette gjer god utnytting av bygningsmassen i kommunen noko som også vert etterlyst i budsjettforslaget. Med å nytte begge bygga i skulekrinsen kan ein løyse romproblema utan å måtte investere ei krone. Fylket betalar jamvel skuleskyssen!

Venstre har i fleire år hatt forslag om å redusere lånegjelda. Dette vil me også følgje opp i år med reduksjon i forslaget til investeringsbudsjett. I handlingsplanen som er lagt fram er det forslag om ei stadig aukande gjeld som etter kvart kan nærme seg 200 millionar. Venstre sitt mål er å redusere gjelda for kommunen og vil ha konkrete forslag på det. Likevel har me forslag om auke budsjettet på eit område for å ha ein aktiv politikk på auke i innbyggjartalet i kommunen. Det er igjen å føreslå bruk av firma som kan formidle flytting frå Holland/Tyskland til kommunen vår. Dette har med hell blitt nytta av andre kommunar som også slit med negativ befolkningstal som f.eks Suldal/Sauda og ikkje minst Fyrresdal. Dei som flyttar frå desse overbefolka områda i Europa flyttar for å busetje seg permanent og representerer oftast ein stor ressurs av fagkunnskap på mange område. Fleire fastbuande i kommunen er vel verd å satse nokre kroner på og dermed bli ein kommune i pluss på eit svært viktig område!

Hjelmeland Venstre v/styret

Budsjettframlegget kan du sjå her: Framlegg til budsjett og handlingsplan

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**