Takk til deg som har vore med og bidratt til å få regjeringa til å snu i denne særs viktige saka for miljøet og Noreg. Dette syner at det hjelper å kjempa for det som ein trur på. Her har fornuften sigra til slutt og ein har gått for ei varig løysing. Det blir heving.
Det eg ikkje er nøgd med er måten beslutninga no vert framstilt på. Fiskeriministaren seier det er omsynet til lokalbefolkninga som har vore utslagsgjevande for beslutninga. Det er ei stor fjør i hatten til Fedjefolket, men samstundes syner fiskeriministaren at ho ikkje skjønar kompleksiteten i dette.
Dette er den største saka i sitt slag i verda.
Det er eit nasjonalt anliggjande – ikkje ei lokal sak.
Pass no på at regjeringa ikkje nyttar dette i valkampen sin. Det vil vera feil. Dette er ikkje regjeringa si forteneste. Statsministar, fiskeriministar og regjering måtte gjera heilomvendig og velja det varige alternativet og setja Noreg sitt ry først. Noko anna var utenkjeleg i eit valår.. Når det er sagt skal dei ha ros for at dei i tolvte time snudde i saka.
Her er det lokalbefolkninga, opposisjonen, miljøorganisasjonane og regjeringspartia sine folk i Hordaland som skal ha æra. Ein lang kamp for miljøet, framtida og fornuften har ført til siger.
Statsministar, miljøvernministar, kystministar og regjering har blitt tvinga i kne og tvinga til å snu.
Det er det historia skal syna.
Takk igjen og gratulera med resultatet.
Rolf Walderhaug
Askøy Venstre