Øystre Slidre Venstre feirar 125 år

Øystre Slidre Venstre og Samtaleforening vart stifta den 11.januar 1884, knapt tre veker før Norges Venstrelag. 125-års-jubileet vart markert ved ei høgtideleg samkome på Onstadtunet. I tillegg til medlemene i laget var representantar frå dei andre partia i Øystre Slidre tilstades saman med leiaren i Oppland Venstre og andre venstrelag i Valdres.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Berit Robøle Hegge ga eit oversyn over lagsarbeidet dei fyrste åra og bakgrunnen for at partiet vart stifta. Sist på 1800-talet var det ei reisning mot den eigenrådige embetsstanden der makta låg på få hender. Folket hadde lite å seia.
Øystre Slidre var ei fattig landbruksbygd. O.K. Ødegaard uttrykte det slik: "Øystre Slidre ha hatt ordet på seg før o vera ei fælande radikal bygd. Mange øystreslidringa va so sæle tå ordet radikal at dei skurra so strekt på rrr i orde at det høirist ut so det kom i frå hug te o sjå revolusjon med blodføss ikring."

Ein kald januarkveld i året 1884 var det kalla inn til politisk møte på "Handelsstædet Heggenæs". Radikale og samfunnsengasjerte karar frå alle delar av bygda kom, sume på ski, og andre med hest og slede. Seint på kvelden var protokollen underskriven med fleire formålsparagrafar for laget.

Gjennomsnittsalderen på medlemane i det fyrst venstrestyret var på rundt 35 år. Partiet tente som ein slags skule for kommunepolitikarane. Her vart unge, politisk interesserte karar skolerte og polerte, og dei var ei drivkraft for samfunnsutviklinga i bygda sist på 1800-talet. Laget hadde gjerne fire — fem møte på etterjulsvinteren. Dei tok opp og drøfta til dømes ordningar for jakt og fiske, likningssaker og vegspørsmål. [link#https://www.venstre.no/files/oppland/oystreslidre/ystre_slidre_venstre_125_ar._berit.doc]

I helsingstalene på 125-årsjubileet frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Høgre vart det uttrykt at representantane frå Venstre alltid hadde vore til å stole på sjølv om ein var politisk ueinig i enkelte saker, og at ein kunne koma fram til gode løysingar gjennom samarbeid. Partiet fekk overrekt blomar, måleri (utan grønfarge i) og ein hov som kan koma godt med til stemmefiske framover.

Leiaren i Oppland Venstre, Bjørg S. Lien, overrekte ei pengegåve medan ho uttrykte at Øystre Slidre Venstre har vore rekna som ein bastion i opplandssamanheng.

Eivind Brenna la i si helsing vekt på å trekkja dei gamle ideologiane inn i praktisk politikk. Som døme nemnde han desentralisering av avgjerdslene i høve til helsetilbod. Styringa bør vera nær folket, og det er viktig at ein samarbeider godt regionalt..

Felespel og langeleik høyrer til i venstresamanheng, og allsangen runga i festsalen. Øyvind Lie strauk felebogen og Gunvor Hegge spelte langeleik og fortalde om Grieg og Berit på Pynte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**