Venstre sine tre prioriteringar

Venstre skal ikkje gå inn i stortingsvalkampen med meir pengar til alt, eller lettvint retorikk om «enten meir fellesskap eller meir skattelette».Karl Andre Birkhol skriver..

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Vi er inne i urolege økonomiske tider, og mange er bekymra for om dei skal klare å betale ned lån og rekningar. Det viktigaste for norsk økonomi er å få ned renta, og det gjer ein ikkje ved uansvarleg pengebruk — men gjennom å prioritere.

Venstre vil i neste stortingsperiode prioritere miljø, skule og forskning og ein velferdsreform, der kommunane skal få løyse fleire velferdsoppgåver — ikkje færre. Kvifor?

Venstre vil ha desentralisering og meir lokalt demokrati. Kommunane må gjere meir, staten mindre. Ikkje minst gjeld dette i helsesektoren. Venstre vil ha ein heilskapleg velferdsreform gjennom større og sterkare kommuner, med fleire oppgåver. Kommunane sine behov er ulike, og vitet er heldigvis godt fordelt utover landet.

Det er ikkje olje Noreg skal leve av i framtida, det er kunnskap. Difor er det kunnskap Venstre vil prioritere. I skulen vil vi prioritere gode lærarar framfor varme måltid og innhald i timane framfor fleire timar. Vi vil ha fleire og bedre lærarar, gjennom ei systematisk etterutdanning av lærarar og 5-årig allmennlærarutdanning og stipend til mastergradsstudentar som vil jobbe som lærarar.

For Venstre er forskning overordna viktig og av stor betydning for innovasjon og verdiskaping i framtida. Venstre skal vere det partiet som satsar mest på forskning i komande budsjett. Men forskning dreier seg ikkje berre om auka bevilgningar. Minst like viktig for Venstre er det å tydeliggjere kor viktig forskning er som investering i framtida, og den grunnleggande betydning forskning har for næringsliv og kultur. Kunnskapsøkonomien vil gje oss fleire gründarar og nye bedrifter og ei større «kake» å fordele.

Miljøkrisa har «forsvunne» til fordel for finanskrisa, men eg vil minne om at miljøkrisa fortsatt vedvarer. Verdensøkonomien vil ta seg opp igjen, det vil ikkje miljøet gjere. Her må ein handle. Venstre har satt seg ambisiøse klimamål, og vil redusere norske klimautslipp med minst 20% innan 2020. For å få til dette må vi mellom anna ha ei endring frå fossil til fornybar energibruk i alle sektorar. Dette kan gjere fornybar energi til den neste store næringa i Noreg.

Valet i 2009 er ikkje eit val mellom raudt eller blått, Jens eller Jensen. Dei verkelege alternativa finn ein i det liberale sentrum.

Karl Andre Birkhol

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**