SV syner desperasjon

SVs Inga Marte Thorkildsen går i Fjordabladet 30. juli til angrep på Venstre sitt miljøengasjement, og slår fast at SV sine frustrerte miljøveljarar trygt kan halde fram med å røyste sosialistisk. Det er mykje som kunne vore nemnt i denne samanhengen, nemner Gunvald Ludvigsen i sitt innlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen

Mellom anna kunne eg nemnt dei 16 vindmølleparkane som vart initierte under førre Venstre-regjering. Dei raudgrøne på si side har kansellert 9 av 10 vindmølleprosjekt, men fekk tidlegare i vår endeleg somla seg til å godkjenne éin vindmøllepark.

Vidare kunne eg nemnt dei raudgrøne sin rekord i å dele ut leitekonsesjonar på norsk sokkel, fleire enn noko anna regjering før dei. For ikkje å snakke om opninga for oljeverksemd i Barentshavet og utanfor Jan Mayen. Dette kjem likevel i skuggen av Statoil sitt ekstremt forureinande oljesandprosjekt i Canada, som regjeringa nektar å bruke sin aksjemajoritet til å stoppe.

Det kunne også nemnast at CO2-reinsinga på Mongstad slett ikkje kjem frå dag éin — som var SV sitt ufråvikelege krav — men kanskje frå dag 1431. Dersom alt ikkje vert utsett på ny, noko som diverre er meir sannsynleg.

Det hadde også vore mogleg å nemne klimaforliket i Stortinget, der Ap med SV på slep kom med eit flaut og uambisiøst framlegg til oss i opposisjonen. Heldigvis fekk vi, med Lars Sponheim og Gunnar Kvassheim i spissen, pressa SV og fleirtalsregjeringa til å vedta eit meir klimavennleg forlik. Ein skulle ikkje tru det var mogleg for SV å søkkje lågare.

Til sist kunne eg også nemnt opninga for oljeleiting utanfor korallrevet Sularevet, nei til grøne sertifikat som ville fått fart på produksjonen av fornybar energi og utsetjinga av Ringeriksbana som ville lagt grunnlaget for kortare reisetid og på sikt høgfartsbane mellom Oslo og Bergen.

Eg vil likevel nøye meg med å nemne éin ting: Inga norsk regjering har hatt meir kunnskapar om klimakrisa, og inga norsk regjering har hatt meir pengar til å takle den. Likevel har norske utslepp aldri vore høgare, og dei har aldri auka meir enn under dei raudgrøne. Det er grunn nok for miljømedvitne veljarar til å røyste Venstre.

Gunvald Ludvigsen, 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**