Valkampsekretærane på plass

1. juli starta Janne Sørum og Sveinung Rotevatn i sine virke som valkampsekretærarar for Sogn og Fjordane Venstre denne sommaren. I byrjinga kjem Janne hovudsakleg til å vere basert i Leikanger, medan Sveinung held til på Nordfjordeid. Etter kvart som valet nærmar seg vil dei nok vere mest på vegen i samband med reiser til alle fylkets 26 kommunar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Sveinung Rotevatn og Janne Sørum

Sveinung Rotevatn og Janne Sørum

Båe to studerer til dagleg juss ved Universitetet i Bergen. Janne kjem opphavleg frå Leikanger, medan Sveinung er frå Nordfjordeid. Janne er leiar for Sogn og Fjordane Unge Venstre, og er 3. kandidat på årets stortingsvalliste. Sveinung er styremedlem i Sogn og Fjordane Venstre, sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre og 11. kandidat på årets stortingsvalliste.

Sveinung og Janne har til hovudoppgåve å følgje opp og assistere stortingskandidatane til Venstre i valkampen, samt å halde tett kontakt med lokallag og media. Dersom ditt lokallag treng hjelp til noko eller har spørsmål i samband med valkampen, ta gjerne kontakt med Janne ([email protected]) eller Sveinung ([email protected]).

Vi ønskjer Janne og Sveinung lukke til i valkamparbeidet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**