Folk flest innser klimaendringane

Avisa Nationen har ei gransking av haldningar til klima-endringar. Les meir

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


i Nationen.

Og sjå også kommehtar frå Venstres Jan Kløvstad:

Kloke slutningar frå professor Jørgen Randers, som var leiar av Lavutslippsuvalget Venstre tok initiativet til. Typisk også at det straks kjem motinnlegg frå klimaskeptikarar med udokumenterte påstandar. Alt på slutten av 1980-talet sa meterologar og forskarar at typiske teikn på klimaendringar ville vere raske endringar, både når det gjeld kulde og varme, vindforhold og nedbør. Martin Ellingsens tal stadfestar nettopp dette, sjølv om han sjølv trur det motsette.

Men at isen i Arktis veks? Kor har han det frå? Satelittfoto og målingar seier det motsette. Eg har sjølv budd i Grønland noen år, og veit at isfronten i Ilullisat har trekt seg fleire kilometer tilbake dei siste ti åra.

Dei som reknar som som "klimaskeptikarar" kan vel også vere samde i at kloden slett ikkje vil ta skade om vi bytter til meir miljøvennlege bilar, isolerer husa våre betre, kuttar ut olje, kol og gass og tar vare på tropisk regnskog?

Meiningsmålinga i Nationen gir oss som har kjempa for eit meir miljøvennleg samfunn tru på at vi har folk med oss. Miljøkampen blir stadig viktigare, — og kanskje kan vi nå sjå håp om at eit fleirtal av veljarane er med oss i kampen?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**