Ola Elvestuen på valkampopning i Florø fredag 7. august

Starten på stortingsvalkampen 2009 nærmar seg med stormsteg. Sogn og Fjordane Venstre skal i år nytte seg av ein eigen valkampbåt, som vi vil nytte til å reise rundt i heile fylket og vitje samtlege 26 kommunar for spreie den glade bodskapen. Den offisielle valkampopninga finn stad fredag 7. august kl. 13.30 ved kaia i Florø. Då vert det døyping av båt og offisiell opning ved stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen og nestleiar i Venstre, Ola Elvestuen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen
Foto: Caroline Roka

Denne dagen håpar vi å sjå så mange Venstrefolk som mogleg i Florø, slik at vi kan lage ei fin ramme kring arrangementet og få ein beste mogleg start på valkamp-turnéen.

Gunvald Ludvigsen

Gunvald Ludvigsen
Foto: NorskeVenstre

Vidare vil båten reise rundt i fylket heilt fram til 5. september. Vi er i ei ny hamn kvar dag, og lit på at dei lokale venstrelaga vil vere med oss og drive aktiv valkamp når vi vitjar dei ulike kommunane.

Dersom nokon har lyst å ta seg ein eller fleire dagar ombord i skuta og vere med Sogn og Fjordane Venstre og drive valkamp, er det sjølvsagt høve til dette! Vi har rimeleg godt med plass ombord, og ynskjer gjerne å ha med oss så mange Venstrefolk som mogleg. Så om du kunne tenkje deg ein eller fleire dagar med sjøliv, politikk og godt selskap, er det berre å sende ein e-post til [email protected]. Seglingsruta for båten finn du her: https://www.venstre.no/files/sognogfjordane/sognogfjordane/Reiserute%20valkamp%202009.htm

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**