M/S Valfisk er døypt og klar til valturné

Etter ein lang sommar med førebuingar, var det endeleg duka for Sogn og Fjordane Venstre si offisielle valkampopning i Florø. Fiskeskøyta “Staalnes” skulle snart gjerast om til “M/S Valfisk”, og var ankra opp ved Haffen i Florø allereie frå morgonen av. Gjennom hektiske morgontimar arbeidde Sveinung og Janne på spreng for å gjere båten klar til valkamp, og etter kvart dukka fleire og fleire lokale venstrefolk opp for å ta i eit tak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Fylkesleiar Torbjørn

Fylkesleiar Torbjørn

Dagen starta eigentleg på Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde, der førstekandidat Gunvald Ludvigsen, fylkesleiar Torbjørn Kolås og Venstre-nestleiar Ola Elvestuen var på synfaring for å høyre om etablering av statlege kompetansearbeidsplassar i distrikta. Dei vart litt forseinka til Florø, men ca. kl. 14.00 var den offisielle valkampopninga i gong.

 Gunvald heldt appell frå flott talarstol på M/S Valfisk

Gunvald heldt appell frå flott talarstol på M/S Valfisk

Gunvald heldt appell frå båten, og vart etterfulgt av Ola som snakka om Venstres viktigaste saker i valkampen. Etter appellane var det duka for døyping av båten. Andrekandidat Bjørg Mikalsen var gudmor, men snubla litt i orda då ho stolt proklamerte "eg døyper deg M/S Valflesk". Etter ei korrigering frå det lydhøyre publikummet, braut Bjørg saman i latterkrampe og klarte omsider å knuse sjampanjeflaska mot båtsida. M/S Valfisk var no ein valkampbåt så god som nokon, og det heile vart feira med utdeling av fiskesuppe og trekkspelmusikk frå dekk.

 Gudmor Bjørg Mikalsen med sitt tredje (eller var det fjerde?) forsøk på å knuse sjampanjeflaska mot M/S Valfisk.

Gudmor Bjørg Mikalsen med sitt tredje (eller var det fjerde?) forsøk på å knuse sjampanjeflaska mot M/S Valfisk.

Etter nokre timar på kaia i Florø, var det klar for Valfisk sin første seglas som offisielt propagandaredskap for Sogn og Fjordane Venstre. Turen gjekk til kulturfestivalen i Kalvåg, ca. ein og ein halv time nord for Florø, og seglasen vart ei særs hyggjeleg oppleving med god drikke og godt selskap. Meir fiskesuppe vart det også undervegs. Båten er komfortabel og romsleg, og går som ei klokke. Valkampsekretærane fekk testa ut sitt nye kontor under akterdekket, og fasilitetane på båten syntes generelt særs gode! Dette lovar bra for den vidare valkampen.

Artikkelen er henta frå Sveinung og Janne sin blogg frå seglasen med M/S Valfisk. Adressa er: http://msvalfisk.wordpress.com/ Linken vert lagt ut på heimesidene under menyen til venstre. Følg med på seglasen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**