Øystein Haga inne på Stortinget i meiningsmålingar

Aftenposten og Fædrelandsvennen har utrekningssystem med mandatutrekningar for kvar einaste meiningsmåling som kjem på landsplan nå. Øystein Haga har vore inne på to av dei tre siste målingane, i Bergens Tidende og i Nationen/Klassekampen. Felles for alle målingane er at

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


målingane for Aust-Agder er at FrPs Ingebjørg Godskesen har førstemandatet, Freddy de Ruiter, Ap, har andremandatet.

Når det gjeld tredjemandatet vekslar det mellom FrPs Åshild Haugland, KrFs Kjell Ingolf Ropstad og i eitt tilfelle også Aps Line Vennesland. Mykje tyder på at FrP i perioden 20. juli til 15. august er største partiet i Aust-Agder og har best grep om tredjemandatet. Målingane tyder også på KrF er større enn Høgre i Aust-Agder, for til nå har Ropstad hatt tredjemandatet fleire gonger, mens Høgre ikkje har hatt det på ei einaste måling.

Øystein Haga smiler

Foto: Jan Kløvstad

Venstre er sterkt med i kampen om utjamningsmandatet. Både med landsmåling 5,7% og 4,6% har Øystein Haga vore inne på Stortinget. På dei fleste målingane er det Kjell Ingolf Ropstad som har utjamningsmandatet, eit mandat KrFs Åse Gunhild Woie Duesund erobra 116 stemmer foran Venstre i 2005.

Til nå har verken Høgre, Senterpartiet eller Sosialistisk Venstreparti vore inne på Stortinget i noen målingar.

I Vest-Agder har Venstres Anne Margrethe Larsen vore inne på Stortinget i samtlege målingar bortsett frå éin frå mandatutrekningane begynte for kvart fylke. Venstre har i gjennomsnitt hatt 9 representantar på målingane, og 13 mandat på den høgaste målinga på 8,7% i mai.

Målingane viser at det er heilt åpent i Aust-Agder i kampen om tredjemandatet og utjamningsmandatet. Tredjemandatet ser nå ut til å vere ein kamp mellom Åshild Haugland frå FrP og Kjell Ingolf Ropstad frå KrF, mens det er same Kjell Ingolf Ropstad og Venstres Øystein Haga som liogg best an til utjamningsmandatet.

valgomatane er det langt fleire som kjem frram til at Venstre er førstevalet enn vi har sett på meiningsmålingane så langt. I stortingsvalet i 2005 og lokalvalet i 2007 viste det seg at valgomatresultata overbeviste mange veljarar om at dei burde stemme Venstre.

Jan Kløvstad
fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**