Roald Steinseide bør ta sin hatt og gå

Mannen bør gå ut av alle sine politiske verv, og det på dagen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

Sissel S. Juliussen

Foto: Arild Raftevoll

Denne no, iflg. AskøyVæringen (21. august 2009), frustrerte og irriterte mannen som i valkampen for to år sidan gjekk høgt på bana og lovde gull og grøne skogar i alle retningar, noko som han nødvendigvis måtte vita han ikkje kunne halda, han ser no at han burde bite i det sure eplet.

Men denne frustrerte mannen vil ikkje bite i eplet. I staden går han igjen høgt på bana og sparkar i alle retningar, for no gjeld det å finne syndebukkar. Nokon som skal ta skulda for at det ikkje vart slik som han lova; at dersom Frp kom til makta så skulle "alt" bli så mykje betre over natta. Svært mange visste at det ikkje kunne bli slik, men altfor mange trudde på det, og er nok fortvila over at dei ikkje har fått det dei vart lova.

I det siste har denne mannen blitt so frustrert og irritert at han har brukt Askøyværingen til å herse med sine tilsette . Først var det barnehagepersonalet som burde slutte å sutre, og heller gjere jobben sin ( underforstått meiner han at dei gjer ikkje jobben sin). Så var det Knut Natlandsmyr og byggesaksavdelinga som ikkje gjorde jobben sin, i alle fall ikkje fort nok. Her meinte han til og med at dei folkevalde kunne overta sakshandsaminga. Vanvittig, enkelt og greitt.

Og no har han prestert å seie opp rådmannen sin gjennom AskøyVæringen.

Det er kommunestyret som er arbeidsgivaren til alle tilsette i Askøy kommune. Når no Frp og Høgre har fleirtal og er i posisjon i kommunen, så er det dei som først og fremst har ansvar for personalpolitikken. Og ærleg talt, ein går ikkje ut i avisa og ber nokon av sine tilsette om å ta sin hatt og gå. Ein går heller ikkje ut i avisa og sjikanerer sine tilsette. Denne frustrerte Frp-aren skal gå tenesteveg, altså til ordføraren sin, og ta frustrasjonen sin opp der.

Det er skremmande at ein røynd politikar kan tillata seg og føre ein slik personalpolitikk som denne mannen gjer. Det kan ikkje freiste mange å søkje arbeid i Askøy kommune etter dette. Det må i tillegg vere uhaldbart å jobbe i kommunen, når ein vel aldri veit kven enkeltperson eller kva gruppe arbeidstakarar som vert hengt ut neste gong.

Slike politikarar kan, og vil vi ikkje ha, so Steinseide bør faktisk ta sin hatt og gå.

Til AskøyVæringen sin redaktør; Odd Magne Utkilen vart av fleirtalet i kommunestyret tilsatt på grunn av at han er dyktig. At han i tillegg er kjekk og grei må jo berre vere eit pluss.

Sissel Skråmestø Juliussen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**