Bygdene må stå saman mot kraftlineøydeleggingar

Det er viktig at bygdene står saman i kampen mot ei øydeleggjande kraftline gjennom Sunnmøre. Det seier varaordførar i Stranda og 2. kandidat på Venstrelista,, Karl Andre Birkhol.
Han seier ei kraftline i luft gjennom Sykkylven og i spenn over Hjørundfjorden vil øydeleggje både for verdsarvområdet i reiselivsamanheng og for alle oss som bur i dette vakre området.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Karl Andre Birkhol sluttar seg til det som ungdommane i nabokommunen ,Sykkylven, no kjempar for, nemleg å få deler av lina i kabel. Han føler også at uttalane frå statsråd Liv Signe Navarsete gir ei opning for kabling gjennom dei mest sårbare områda. No må vi kjempe saman og sikre at Navarsete og andre som har innflyting, veit kva som er dei viktigaste og mest sårbare områda. Vi strandarar kan ikkje site stille å sjå på at kraftlina øydelegg for naboen og for felles reiselivsinteresser.

Kraftledninger

Foto: Henrik Østerman

Med lina i sjøkabel mellom Ørskog og Standal ville mykje ha vore vunne, seier Birkhol og viser til det Venstre heile tida har hevda at bygdene må finne saman i kraftlinesaka ved å finne eit kompromiss for å nå fram med ei delvis kabling. Fullstendig kabling gjennom heile fylket, trur Birkhol vi berre kan gløyme etter uttalane frå ministrane som har vore på vitjing.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**