Nordland Unge Venstre

Her får du ein introduksjon av det liberale ungdomspartiet i Nordland!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Måndag, 22. juni 2009 fann årsmøtet til Nordland Unge Venstre stad. Dåverande 1. nestleiar i Unge Venstre, Jonas Stein Eilertsen var innleiar av hendinga. Seinare same dag, vart det nye styret i N.U.V. valt.

Presentasjon av ungdomslaget:

Nikolai Endresen Dahl

Foto: Nikolai Endresen Dahl

Nikolai Endersen Dahl overtok roret etter Maria Thørnquist Liljedal som leiar. Liljedal vidarefører tradisjonen som avtroppande leiar, og såleis som sin forgjengar, Eskil Furunes, held ho fram med engasjementet sitt, men utan verv i Unge Venstre.

Nikolai går på musikklinja ved Sortland vidaregåande skole. Han har sidan innmeldinga si vore aktivt med i Unge Venstre, og har deltatt på fleire lands- og årsmøte i både ungdoms- og moderorganisasjon, gjennomført ein suksessfull skolevalkamp saman med fylkeslaget, og var delegasjonsleiar på landsmøtet til Unge Venstre i 2009.

Med seg, har han eit svært kompetent og godt samansveisa lag med dedikerte liberalarar, i styret.

Styremedlemmane Nordland Unge Venstre, i perioden 2009 – 2010 er:

Nordland Unge Venstre styret 2009

Nordland Unge Venstre styret 2009

Nikolai Endresen Dahl (16) frå Sortland – leiar
Adrian Eriksen (16) frå Sandnessjøen – nestleiar.
Alexander Kolberg (20) frå Bodø – kasserar
Karen Margrethe Dahl (17) frå Mo i Rana – styremedlem
Roselyn Riley (18) frå Bodø – styremedlem

Varamedlemmane i same periode er:
Hilde Riibe frå Bodø
Einar Bovim frå Narvik
Terese Nygård frå Nesna

Nordland Unge Venstre på Facebook.

Unge Venstre sin nettstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**