Kommentar: Opp som ei løve — ned som ein skinnfell!

Så gjekk det som det måtte gå med Nærbølista sitt forslag til framtidige utbyggingsområde på Nærbø. Det som er svært gledeleg denne gongen er å sjå det store engasjementet for jordvern i Hå. Sist det var rullering av kommuneplanen så var Hå Venstre nokså åleine om å stå beinhardt på jordvernet i kommunen, skiver Hå Venstres Jon Arne Silgjerd i denne kommentaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Jon Arne Silgjerd

Foto: Tore Nilsen

Så gjekk det som det måtte gå med Nærbølista sitt forslag til framtidige utbyggingsområde på Nærbø. Ved første møte med det verkelege livet (les: Fylkesmannen) så vart forslaget lagt dødt umiddelbart. Så kan ein kanskje undrast kvifor ikkje "ordførararpartiet" i Hå ikkje hadde såpass kontakt med omverda at dei burde ha forstått dette før dei la fram eit slikt forslag, men det ligg vel kanskje i bygdelistene sin natur at dei nettopp manglar nødvendig kontakt med regionale og nasjonale organ som kan korrigera dei i slike saker.
Og så kan ordføraren stå fram og klaga si naud over statleg overstyring — akkurat der har han grunnleggjande støtte frå oss Venstrefolk — men nå er det jo eingong slik at Stortinget har bestemt at Fylkesmannen skal gripa inn når lokale myndigheiter enten ikkje er vaksne nok for oppgåvene sine eller ikkje tar nok omsyn til nasjonale retningslinjer. Så får kvar og ein sjølv gjera seg opp ei meining om kva som har skjedd denne gongen.

Det som er svært gledeleg denne gongen er å sjå det store engasjementet for jordvern i Hå. Sist det var rullering av kommuneplanen så var Hå Venstre nokså åleine om å stå beinhardt på jordvernet i kommunen. Vi var svært bekymra over dei haldningane til jordvern som kom fram i det førre planforslaget og signala denne gongen er ikkje særlig annleis.
I nasjonalt perspektiv er Hå er ein av dei aller viktigaste kommunane for produksjon av mat. Ein forskar sa nyleg at i framtida vil størstedelen av landbruket i landet bli samla på Jæren, i Trøndelag og på Austlandet. Ein svært stor prosent av arealet i Hå kommune er dyrka eller dyrkbar jord. Vi er busett midt i matfatet og må ta eit nasjonalt ansvar for å ta vare på denne matjorda.
Det førre planforslaget la opp til å ta heile 762 dekar matjord til utbyggingsføremål i planperioden. Det tilsvarer godt over 100 fotballbanar for å bruka ein enkel symbolikk. Nærbølista sitt forslag denne gongen ville på sikt ha mangedobla dette talet.

Landbruk, korn

Foto: Microsoft

"Fylkesdelplan for Jæren", som er eit viktig overordna plandokument, har trekt langsiktige grenser for landbruket som skal ha eit 40-års perspektiv. Viss ikkje Hå kommune skal gå tom for utbyggingsareal lenge før den tid så må ein rasjonalisera kraftig på bruken av areal i høve til det forslaget som nå ligg føre. Venstre meiner at prinsippa frå fylkesdelplanen om at det skal leggjast opp til langt tettare bustadbygging nær jernbanestasjonane må tas på alvor i langt større grad enn nå og dette må sjåast i samanheng med jordvern-problematikken.
Det som er underleg denne gongen er at politikarane i Hå har bedt om — og fått — ein rapport som handlar om korleis ein kan byggja tettare i alle tettstadene i Hå. Asplan Viak har gjort ein glimrande jobb i denne rapporten og forklart ganske så tydeleg korleis ein kan få til framtidig utbygging i Hå i det heile tatt. Etter debatten nå er det lite som tyder på at politikarane i Hå har lese denne rapporten. Framtidig utbygging på Nærbø og Varhaug må skje gjennom fortetting i sentrale strok — så nær kollektive knutepunkt som råd er. Problemet der er at dei beste areala der er opptatt enten av parkeringsplassar eller av gammal industri med relativt få arbeidsplassar. Å finna ei løysing på dette må vera ei hovudoppgåve i planprosessen framover.
Når vi så i tillegg ser at kommunane nord for Hå samarbeider tett for å løysa arealproblema i sine kommunar medan Hå ligg der som ei øy for seg sjølv, så gjer ikkje det situasjonen betre.

Det Nærbølista har klart gjennom sitt urealistiske utspel denne gongen er i realiteten to ting:
1. Dei har gitt SP og den raudgrøne regjeringa gode argument for deira forslag om at staten skal ta frå kommunane styringa av jordbruksareal, og
2. Dei har gitt mange gode argument gratis til dei som vil slå saman kommunane på Jæren for å løysa arealproblema.
Og det var vel kanskje ikkje meininga?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**