Ferie – og nett for i dag(?): eit sjeldant glimt av sola!

Her kjem korte opplysningar frå styremøtet 29.06.2010 og ei lita sommarhelsing!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


I styremøtet 29.06.2010 drøfta styret/gruppa fleire saker som vert aktuelle for oss framover. Særskilt er det verd å merke seg at Voss Venstre skal byrje å jobbe med programmet for neste lokalvalsperiode snart. Dette vil me kome tilbake til med ytterlegare informasjon, men har du allereie innspel? Me mottek dei gjerne, anten ved at du kontaktar oss pr. telefon eller pr. e-post: [email protected]

Elles skal me på Voss ta vår del av Venstres bedriftskampanje: “1000 bedrifter på 20 dager. ” Dette vil skje i perioden 18.08 — 07.09. Voss Venstre vil prioritere småbedriftene og gründarane. Styret/gruppa har nokre idear til kva bedrifter ein kunne tenkt seg å vitje, men har du innspel – kom gjerne med dei!

blomstereng

Foto: Helga

På vegne av styret i Voss Venstre og våre kommunestyrerepresentantar, ynskjer me dykk alle ein god sommar vidare! Nyt sola medan me enno ser henne i korte glimt!

Med liberal helsing

Torstein Gunnarson og Knut Olav Nestås
Telefon: 91171590/41206132

Logo, Venstre

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**