Hvem kan hjelpe Jesper i Arendal?

“Hvem kan hjelpe Jesper i Arendal?” var tittelen på ein viktig presentasjon for bystyremedlemene nå i formiddag. – Mange barn i Arendal har det dårleg, mykje verre enn mange av dykk vil tru, sa Inger Marie Espeland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Presentasjonen blei leia av einingsleiar Aslaug Hustadnes i helse, barn og unge. Her følger notat frå presentasjonen, som Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad fekk med seg i dag:

Barnevernet kan gå inn alt ved fødsel, gi tilbod om vekeopphald på Nyli, stille opp for barna i familiar som slit, og ta ansvar for å gi den hjelpa som er nødvendig for at barna skal få det betre. Langt dei fleste som har kontakt med barnevernet i Arendal frivillig.

Inger Marie Espeland
, psykiatrisk sjukepleiar:

Inger Marie Espeland

Foto: Jan Kløvstad

-Tidlegare var fokuset berre vaksne, men dei siste ti åra har fokuset meir og meir goått over til å vere retta mot barn. Haldningane blant psykiatriske sjukepleiarar har snudd, barnet er det sentrale nå. Fagfolka skal sjå heilskapen i familien og forstå korleis det er å vere barn i vanskelege familiar. Men mange barn har det som livsoppgåve å skjule dei vanskelege forholda heime. 160 barn i Arendal får hjelp frå psykiatriske sjukepleiarar, 40 av dei tungt inne i systemet.

30% av barn med sjuke foreldre blir sjuke, 30% til og frå og 30% klarer seg bra. Det å gi mor og far hjelp er den beste hjelpa barna kan få, men noen gonger er mor og far helsefarlege for barna sine.
– Mange barn i Arendal har det dårleg, mykje verre enn mange av dykk vil tru, sa Inger Marie Espeland.

Helsesøster Aslaug Hustadnes fortalte at helsesøstre er den einaste gruppa som når heile familien, og går på heimebesøk til alle nyfødte barn. Så godt som 100% av alle barnefamiliar i Arendal går på helsestasjonen. Nasjonalt program med 9 kontaktpunkt før skolealder. Helsesøster kjenner godt til dei andre fagfolka, og er i ei nøkkelrolle for barn tidleg i livet.

Oppvekstmedarbeidar Terese Knutsen, Birkenlund oppvekstområde, med ansvar opp til 16-årsalderen, under leiing av leiar. Oppvekstmedarbeidarane arbeider med psykisk helse, har mange møte med foreldre i grupper. Tenesta er ikkje lovpålagt, så alt må bygge på tillit.

PPT-tenesta slit for tida med låg bemanning, men reknar med å vere i god funksjon igjen om ein månadstid. Barne- og familieteamet er ein tverrfagleg samansett helseteneste som sit på Sentrum helsestasjon på Kilden som oppsøker dei andre helsestasjonane, er i barnehage og skole og på heimebesøk. Barn- og familieteamet kjem inn når foreldra vil det, gir foreldrerettleiing, har familiesamtalar, snakkar med tenåringar, og satsar nå i år særleg på dei minste med mål om dobling av henvisningar for barn 0-6 år. Som modell skal Arendal kommune arbeide særleg med denne aldersgruppa og kome med tiltak overfor rus og psykiatri.

Monika Nyhagen, pedagogisk leiar i privat barnehage (det er 49 private og 17 kommunale barnehagar i Arendal) er også utdanna barnevernspedagog. Ho ser samarbeidet som viktig. Barnehagane ser barna opp til 9 timar kvar dag, og kan brukast positivt i å følge opp barna. Ho opplever eit godt samarbeid med oppvekstteamet og andre instansar, men er opptatt av å bygge ned stengsler i alle retningar. — Det viktige er å kome tidleg inn, sa Nyhagen.

Einingsleriar aslaug Hustadnes viste til at 310 møtte fram på fagdag på Harebakken

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**