Vellukka fylkessamling om skulepolitikk

Hordaland Venstre starta fylkessamlinga si sist helg med paneldebatt om skulepolitikk. Venstres Harald Hove la vekt på at utdanningspolitikk er meir enn berre skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Skuledebatt Hordaland

Foto: Tallak Rundholt

I debatten deltok Jon Severud frå Utdanningsforbundet, og rektor ved Knarvik vidaregåande skule, Inge Alver. Utdanningsforbundet la vekt på viktigheiten av å roa seg ned litt. – Vi har hatt to store reformar på svært kort tid. Utan å vere udelt negativ, kan eg seia at dei reformane har ikkje fungert. Skulen er reformtrøytt. Eg har ei utfordring til partiet Venstre: Ta bort mange av dei regelverka og dei kontrollmekanismene som kom i kjølvatnet av New Public Management.

Inge Alver er rektor ved Knarvik VGS, og er spesielt opptatt av fråfall. Han la vekt på to høve: Fråfallet slik det er presentert i media er overdrevet, og det fråfallet me likevel har, er i stor grad gjort med vilje. – Eg veit at det provoserar, men det er min påstand at fråfallet er bevisst. Ein får den skulen ein lagar. Skulen i dag er blitt alt for teoretisk, og det gjer at dei mindre teoretisk anlagte elevane fell frå. Så enkelt kan det eigentleg seiast.

For Venstre deltok gruppeleiar på fylkestinget, Harald Hove. Hove tok til seg det dei to fagfolka sa, men la til at opplæring er meir en skule. – Det er naudsynt med ein heilskapleg utdanningspolitikk. Opplæring er eit betre ord en skule, tykkjer eg. Alt frå lærekandidatordningar til lærlingeplassar og studieforberedande utdanningsløp må sjåast i samanheng, og det viktigaste er at unge får den opplæringa dei har behov for, ikkje kven som gjer det eller i hvilke tempo.

Skuledebatt Hordaland 2

Foto: Tallak Rundholt

På laurdagen vert det diskutert fråfall i skulen, og problemstillingar kring nedlegging av skular. Laurdagens høgdepunkt var kanskje likevel presentasjon av dei kandidatane som har sagt seg interessert i ei høg plassering på Venstre si fylkestingsliste i 2011. Presentasjon av kandidatane finn du her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**