Lokalpolitisk nettverk for Venstres folkevalte – og dei som vil bli folkevalte

Agder Venstre inviterer til lokalpolitisk nettverkssamling

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


på Hotell Sørlandet i Dronningensgt i Kristiansand laurdag 16. og søndag 17. oktober.

Ola Elvestuen

Foto: Caroline Roka

Nestleiar Ola Elvestuen kjem, – og vi håpar å ha folk frå alle lokallag. Målgrupper er dei som nå sit i fylkesting og kommunestyre (og som vara), styremedlemer i laga, – og ALLE SOM KAN TENKE SEG Å STILLE HØGT PÅ LISTE I 2011.

Innhald: Venstres kommunepolitikk, arbeidsform, valkamp, samarbeid mellom kommunestyregryuppene, inspirasjon — og god tid til samtalar.

Vi subsidierer deltakarar frå lokallaga:
Full pris er kr 1455 pr deltakar. Agder Venstre (ved hjelp av landslaget vårt) subsidierer. Prisen vil derfor bli:
“førstedeltakar”frå kvar kommunekoste kr 705,00, andredeltakar” kr 955,00 og “tredjedeltakar” kr 1205,00.

Dei som ikkje kan/skal overnatte blir også subsidiert:
Første “dagsrepresentant” frå eit lokallag betaler kr 300,00 for laurdag (inkl festmiddag) og kr 150,00 for søndag, 2. representant og nedover frå kvart lokallag betaler kr 450,00 for laurdag og kr 225,00 for søndag.

Vi startar laurdag kl 1000 med ein regional del, og så køyrer Venstres Hovedorganisasjon programmet frå kl 1300 til søndag kl 1400. Vi inviterer også ein god Venstrekåsør til fetsmiddagen laurdag kveld! Detaljprogram for helga frå laurdag kl 1000 til søndag kl 1430 kjem om få dagar til dei som melder seg på.

Meld deg på til [email protected] eller 91 80 82 56 innan 11. oktober.

I perioden 2007-2011 har Venstre ordførarar i Flekkefjord og Grimstad, varaordførarar i Risør og Søgne, formannskapsmedlemer i Lyngdal, Lindesnes, Kristiansand, Iveland, Bykle, Arendal, Tvedestrand og Gjerstad i tillegg til dei kommunane vi har ordførar/varaordførar. I Marnardal, mandal og Bygland har vi kommunstyrerepresentantar. Venstre har også fylkesutvalsmedlem i Aust-Agder og to i kvart fylkesting. I neste periode vil vi bli enda fleire, og tar særleg sikte på å styrke oss i Kristiansand og Arendal, pluss Farsund (gjenreist lokallag nå!), Froland, Birkenes, Songdalen, Vennesla, Kvinesdal og Evje og Hornnes.

Beste helsing
Agder Venstre

Jan Kløvstad
sekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**