Alfred Bjørlo klar for Venstre-lista i Eid

– Eid Venstre har starta arbeidet med å få på plass ei sterk valliste med mange nye namn til kommunevalet neste år. Vi har spurt Alfred Bjørlo om å stå på topplassen på lista, og det er ei glede å kunne opplyse at han har takka ja til å vere listetopp for Eid Venstre. No vil vi gå bredt ut med å få flest mulig andre engasjerte personar med hjarte for Venstre og Eid til å stå på lista, slik at vi kan stille med den best mulige lista til veljarane i Eid ved kommunevalet i 2011. Dette seier Erling Engjaberg, leiar i Eid Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Alfred Bjørlo - Eid Venstre sin ordførarkandidat

Alfred Bjørlo – Eid Venstre sin ordførarkandidat

Eid Venstre kjem til å arbeide aktivt med å rekruttere folk til lista dei neste vekene, med sikte på å ha lista klar allereie før nyttår. Venstre har over lang tid vore eit sterkt parti i Eid og har hatt ordførar to gongar dei siste 20 åra (Kjell Nøstdal og Gunvald Ludvigsen). Venstre har i dag tre representantar i kommunestyret, men trur på eit betydeleg løft i oppslutning ved kommunevalet i 2011.

Alfred Bjørlo (37) bur på Eid, er gift og har to born og arbeider til dagleg som leiar i Måløy Vekst AS i Vågsøy. Han har tidlegare vore politisk rådgivar for Samferdsleministeren og Nærings- og handelsministeren, rådgivar for Venstre på Stortinget i utdannings- og næringspolitikk og kommunikasjonsrådgivar i Burson-Marsteller.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**