BJØRNAR HAMRE

Bjørnar er fylkestingsrepresentant for Venstre og medlem av Opplærings- og helseutvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Bjørnar Hamre

Foto: Ukjent

Hei! Eg er 26 år, kjem opphavleg frå Selje i Sogn og Fjordane, men flytta til Bergen 2001. Til dagleg jobbar eg som IT-konsulent i Helse Vest IKT samstundes som eg studerar leiing. Eg har sidan valkampen 2005 vært aktiv i Hordaland Unge Venstre, kor eg har hatt mange verv inkludert fylkesleiar. Eg blei på eit medlemsmøte i Hordaland Unge Venstre vald til ungdomskandidat til fylkestinget, og skal derfor representere Unge Venstre i fylkestingsvalkampen.

Grunnen til at eg har lyst på ein plass på fylkestinget er at eg er opptatt av å forbetre den vidaregåande skulen, og ynskjer då særlig å fokusere på fråfall, mangel på lærlingplassa og meir frihet i skulen.
Fylkeskommune sin handlingsplan mot fråfall er berre eit lite steg i riktig retning – fylkeskommunen må også auke fokuset på lærlingar og mangel på lærlingplassar. Eg har sjølv gått på fire forskjellige vidaregåande skuler i to forskjellig fylker, og vore IKT-lærling på ein femte. Dette har gitt meg mange erfaring eg ynskjer å ta med seg inn på fylkestinget.

Eit mangfaldig og variert skuletilbod er eit gode for alle elevane. Regjeringa gjer friskulane til eit elitetilbod ved å kutte stønaden og berre la dei rikaste få høve til å gå der. Eg vil arbeide for fleire friskular og eit meir variert skuletilbod i Hordaland.

Skulane bør ha høve til og siktemål om å spesialisere seg på meir enn berre idrett, musikk og dans. Realfagsatsinga på Nordahl Grieg er eit døme på ein skule som har fått dette til, og ordninga på BHG der elevar kan fullføre vidaregåande på to år viser at det er muleg å tilpasse undervisninga til einskildeleven. Den raudgrøne regjeringa sin einskapsskule er mynta på ein gjennomsnittselev som ikkje finnast.

Forsking viser at kvalitet på lærarane er den viktigasete faktoren for god undervisning.Eg vil gi lærarane meir tid til undervisning, mindre byråkrati og færre skjema. Lærarane bør òg få høve til å velje kva lærebøker og undervisningsmateriell dei vil nytte. I dag er det slik at lite pengar tvinger lærarane til å velje dei billigaste løysingane. Det vil eg ha slutt på. Betre lærarar er bra både for elevane og for lærarane sjølve. Derfor vil eg innføre ei ordning med kompetanseår for alle lærarar i Hordaland. Skuletida er for verdifull til å kastast bort på dårleg undervisning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**